nyhende
Ser ut til å bli godt bunadsvêr 17. mai
– Ikkje så fint og varmt som i fjor, men det blir ikkje bruk for regnjakke, seier statsmeteorolog Leonidas Tsopouridis.
Fredag og laurdag byr på delvis skya, ganske tørt vêr, men det kan koma ein og annan regndråpe. Slik vêrforholda er no, er det verken stabile høgtrykk eller lågtrykk. Det betyr også at vêret kan endra seg raskt. Noko som gjer prognosane litt vanskelege.
Fredag ettermiddag er imidlertid Tsopouridis ganske sikker på at det blir bra bunadsvêr 17. mai:
– Nasjonaldagen begynner ganske grått. Det ligg eit lavtrykk vest i havet, og det vil koma sigande inn og gi litt regn først på dagen mellom klokka 06.00 og 10.00. Men det blir ikkje meir nedbør enn at det held med paraply for morgonfuglane. Det blir heller ikkje bruk for regnjakke i løpet av dagen, og det er jo bra slik at alle dei flotte bunadene ikkje blir dekka til, seier Tsopouridis.
Dagen startar med 7-8 grader, og den tørre lufta som følger etter lavtrykket vil bidra til ganske bra vêr resten av 17. mai.
– Det blir delvis skya, kanskje nokre solglimt og temperaturen vil stiga til rundt 12 grader. Utpå kvelden kan det også koma nokre dråpar regn igjen, men berre dråpar. Altså ikkje like fint og varmt vêr som i fjor, men dei som går med bunad slepp å svetta like mykje som i fjor, avsluttar Tsopouridis.