nyhende

Snittberekning: Hårfint raudgrønt fleirtal i august

Dei raudgrøne partia har styrkt seg dei siste to vekene og ligg an til eit knapt fleirtal, ifølgje eit snitt av alle målingane tekne opp i august.

Publisert Sist oppdatert

Poll of polls si oversikt over alle meiningsmålingane i august viser at dei raudgrøne partia ville ha fått 86 mandat inn på Stortinget dersom valresultatet vart som målingssnittet.

Dei borgarlege partia ville fått 83 mandat.

Resultatet på dei ulike målingane spriker veldig, og mykje vil avhenge av om Venstre, KrF og MDG kjem over eller under sperregrensa på fire prosent.

På snittet i august, hamnar dei alle over:

  • Venstre er målt til 4,2 prosent i snitt
  • KrF er målt til 4,6 prosent
  • MDG er målt til 4,6 prosent

Tettare mellom blokkene

Prosentmessig går den raudgrøne blokka noko tilbake frå snittet i juli til august – frå 51,6 prosent til 50,2 prosent. Samtidig styrkar den borgarlege blokka seg frå 44,2 prosent til 45,3 prosent.

Mandatmessig gjer den borgarlege blokka likevel eit større byks. Det kjem av at KrF blir målt til over sperregrensa og dermed får sju mandat på Stortinget i staden for to i juli.

Medan dei raudgrøne hadde eit solid forsprang på 92 mot 77 mandat i juli, er det no meir hårfint.

Det skal nemnast at det blir teke opp få målingar i juli, og at mange var bortreiste, så tala er meir usikre.

Mindre endringar

Det er generelt små endringar både mellom blokkene og mellom partia frå juli til august. På raudgrøn side er den største endringa at SV går tilbake med 1,9 prosentpoeng til 6,3 prosent medan MDG går fram med 0,8 prosentpoeng til 4,3 prosent.

På borgarleg side styrkjer KrF seg med 1,4 prosentpoeng og endar på 4,6 prosent. Samtidig går Høgre fram med 0,5 prosentpoeng til 15,3 prosent og Venstre tilbake med 0,5 prosentpoeng til 4,2 prosent.

Dei borgarlege partia har styrkt seg noko. Frå venstre: Venstre-leiar Guri Melby, KrF-leiar Dag-Inge Ulstein, Høgre-leiar Erna Solberg og Frp-leiar Sylvi Listhaug.

Samanfatta ser tala slik ut for dei ulike partia på snittmålinga i august, (samanlikna med juli i parentes):

Raudgrøn side:

  • Ap: 27,3 prosent (27,7)
  • SV: 6,3 prosent (8,2)
  • Sp: 6,2 prosent (6,3)
  • MDG: 4,3 prosent (3,5)
  • Raudt: 6,1 prosent (5,9)

Borgarleg side:

  • Høgre: 15,3 prosent (14,8)
  • Frp: 21,2 prosent (21,5)
  • KrF: 4,6 prosent (3,2)
  • Venstre: 4,2 prosent (4,7)

Sp-veljarar går til Ap framfor Frp

Johan Giertsen i Poll of polls har også gjort ein gjennomgang av bakgrunnstala frå fire av målingane førre veke (veke 35).

Den viser at raudgrøn side har gått frå ei leiing på to prosentpoeng veka før (veke 34), til ei raudgrøn leiing på åtte prosentpoeng førre veke.

– Arbeidarpartiet går klart mest fram frå veke 34 til 35 med +2,9 prosentpoeng. På motsett side går Frp klart mest tilbake med -2,2 prosentpoeng, skriv han i gjennomgangen.

Han meiner at Senterparti-veljarar som kanskje vel Ap og Jonas Gahr Støre framfor Frp og Sylvi Listhaug, kan vise seg å vere ein av dei viktigaste enkeltfaktorane i dette valet.

Han skriv at Arbeidarpartiets sin framgang i veke 35 kjem av at partiet vinn fleire veljarar frå Sp (opp frå 37.000 til 58.000) og taper langt færre til Frp (halvering frå 40.000 til 20.000).

Powered by Labrador CMS