nyhende
Snart tid til å søkja om tilskot
Vestland fylkeskommune har alt fordelt tilskotsmidlar til friluftslivet. I kommunane nærmar tida seg for frivillige lag og organisasjonar å søkja om tilskot.
4H-klubbane i Sveio har fått tildelt eit tilskot på 90.000 kroner frå Vestland fylkeskommune. Midlane skal brukast til ulike aktivitetar, kurs, turar og friluftsliv, og innkjøp av utstyr som skal nyttast i samband med desse aktivitetane. Tiltaka rettar seg mot barn og unge i alderen ni til 18 år.
Søknadsfristar
Både 4H og andre frivillige lag og organisasjonar kan også søkja på fleire kommunale stønadsordningare som nå blir marknadsførte på Sveio kommune si nettside. For driftstilskot er søknadsfristen 1. april. Søknad om aktivitetstilskot har to søknadfristar, 1. april og 1. oktober.
For søknad om tilskot til private leikeplassar er fristen 1. mars. Frivillige lag i bygdene kan dessutan søkja om tilskot til nærmiljø- og sosiale møteplassar. Her er fristen 5. april.
Driftstilskot, også kalla kulturmidlar, er tilgjengeleg for alle som tilfredsstiller retningslinene. For alle søknadsordningane i Sveio gjeld eit generelt krav om at søkjarane må vera registrerte i Friskus.
Tilskotsordningar for lag og organisasjonar
Nytt aktivitetstilskot
Aktivitetstilskot er ei ny ordning i Sveio. Her kan det søkjast om midlar til aktivitetsfremjande tiltak som tilrettelegging av aktivitetsområde og turstiar, arrangement og liknande. Tilskot kan kombinerast med spelemidlar og sponsormidler. FAU og bygdelag kan søkja på line med dei fleste organisasjonane i kommunen.
Velforeiningar og liknande organisasjonar kan søkja om tilskot til private leikeplassar i bustadfelt og nærmiljø. Søkjarane må vera tilknytt ei forsikringsordning, for eksempel gjennom medlemskap i Vellenes landsforening, heiter det i kommunen sine retningslinjer.
Nærmiljø og sosiale møteplassar
Frivillige lag og organisasjonar i Valestrand, Auklandshamn, Førde, Sveio, Lid, Bua og Vikse og FAU ved skulane kan søkja om etableringstilskot til nærmiljø og sosiale møteplassar.
Sveio kommune har sett av ein million kroner per år til slike tiltak i perioden 2024-2027. Lag og organisasjonar i bygdene blir oppmoda om å samarbeida, og gjerne laga prioriteringslister mellom søknadene frå kvar einskild bygd. Kvar bygd kan få 142.800 kroner.