nyhende

Natt til søndag skiftar me frå sommartid til vintertid. Foto: Ellen Marie Hagevik
Natt til søndag skiftar me frå sommartid til vintertid.

Snart tid for vintertid

Natt til søndag må du hugsa å stilla klokkene som ikkje gjer det sjølv, for då har nemleg vintertida komen.

Publisert Sist oppdatert

To gongar kvart år skal klokka stillast fram eller tilbake. Når mørket har senka seg og datoen vorte søndag den 29. oktober er det på tide igjen. Klokka 03.00 skal klokka stillast ein time tilbake, slik at det vert 02.00.

Dei fleste telefonar, maskinar og liknande vil stilla seg sjølv, men det er også mykje som ikkje gjer det. Då kan det vera greit å ha stilt det på førehand, slik at ein ikkje kjem ein time for seint til avtaler følgjande dag og veke.

Årsaka til at man har vinter og sommartid er ynskje om å nytta dagslyset best mogeleg. Det vart først innført i Tyskland under første verdskrig. Då fekk samfunnet ein time meir med lys og dermed ein time mindre kor dei måtte nytta dyrebar energi på kunstig ljos. Sidan det funka bra følgde dei andre partane i konflikten etter og innførte same ordning. O

Det kom etter kvart til Noreg, men sommartid vart seinare avskaffa av Stortinget i 1965, før me til slutt i 1980 innførte felles vinter og sommartid i likskap med EU.

Hugs å stilla klokka!

Powered by Labrador CMS