nyhende

Sveio brannvesenBrannstasjonLeitevegen
Den gamle brannstasjonen skal rivast, og arbeidet med maskin byrjar neste veke.

Snart riv dei den gamle brannstasjonen

Brannstasjonen i Sveio er ikkje i tråd med dagens krav. No skal den snart rivast. Erstatninga vert ein flott og ny stasjon, med kontorplass til tre kommunale einingar i tillegg.

Publisert Sist oppdatert

Måndag den 30. oktober byrja dei rivinga av den gamle brannstasjonen i Leitevegen 16.

– Det er handriving det er snakk om i denne veka. seier prosjektleiar hjå Sveio kommune, Per Riise.

Han fortel at den maskinelle rivinga ikkje byrjar før måndag 6. november. Brannbilane er flytta litt lengre bort i gata.

– Dei står i eit nytt lagerbygg på 300 kvadratmeter kor dei skal vera midlertidig medan arbeidet med ny stasjon held på, seier Riise.

15. desember neste år

– Når er ny stasjon ferdig?

– Etter kontrakt skal den vera klar den 15. desember i 2024, svarar han.

Då skal dei tre einingane i kommunen, kyrkja, veg, vatn og avløp få betre plass. Dei overtek då lageret der brannbilar og utstyr no er plassert. Einingane skal flyttast over i det nye kontorbygget der dei vil få nye kontorplassar, møterom og garderobeløysingar med rein og sskitten sone.

– Kvifor skal de riva den gamle brannstasjonen?

– Det eksisterande bygget tilfredsstiller ikke dagens krav frå Arbeidstilsynet. Bygget er i dag for lite med omsyn til areal for kjøretøy samt dusj- og garderobeløysingar, svarar Riise.

Strenge krav

Han forklarar at det er strenge krav til at garderobe- og dusjløysingar er bygd opp med rein og skitten sone der dusjar er plassert mellom rein og skitten sone. Det eksisterande bygget manglar også ventilasjon, treningsrom, og tilfredsstillande møte- og undervisningsrom.

Den nye stasjonen skal ha ein vognhall med eiga plass til ein vaskehall, meir plass til utstyr, og ein administrasjonsdel kor det skal verta plass til brannmannskap og dei tre kommunale einingane.

Prosjektet har ein total prislapp på 44,7 millionar kroner inklusivt moms. Kontrakten for totalentreprise har gått til Engelsen Entreprenør AS for om lag 40 millionar kroner.

Powered by Labrador CMS