nyhende

Til kundar som ikkje beherskar dei digitale løysingane, skal bankane tilby rådgiving. Illustrasjonsfoto: Berit Roald / NTB / NPK
Til kundar som ikkje beherskar dei digitale løysingane, skal bankane tilby rådgiving.

Snart må bankane hjelpe ikkje-digitale kundar

Ei ny bransjenorm frå Finans Norge skal førebyggje digitalt utanforskap, noko som mellom anna rammar mange eldre.

Publisert Sist oppdatert
NPK-NTB: Ifølgje Aftenposten trer norma i kraft 1. november.

Mellom anna heiter det at bankane skal ha eit tilbod som gjer det mogleg å få kontoinformasjon, betale rekningar og å overføre pengar utan hjelp av digitale løysingar. Til kundar som ikkje meistrar dei digitale løysingane, skal bankane tilby rådgiving.

Eldreombod Bente Lund Jacobsen er svært fornøgd og vil følgje opp etterlevinga av norma.

– Fleire bankar er allereie i gang med å utarbeide nye, gode ikkje-digitale løysingar, seier ho.

Eldreombodet minner samtidig om at det kan koste 100 kroner å betale ei rekning over skranke, og dessutan at dei får meldingar frå folk som må vente lenge for å komme i kontakt med ein kunderådgivar på telefon.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS