nyhende

Regjeringa foreslår at private ikkje skal betale skatt på inntekter frå sal av kraft frå solcellene på taket før ein passerer 10.000 kroner.
Regjeringa foreslår at private ikkje skal betale skatt på inntekter frå sal av kraft frå solcellene på taket før ein passerer 10.000 kroner.

Snart kan folk tene 10.000 kroner skattefritt på sal av straum

Regjeringa vil ikkje skattleggje sal av overskotsstraum frå hushald før dei passerer 10.000 kroner, går det fram av eit forslag frå Finansdepartementet.

Publisert Sist oppdatert

I høyringsforslaget som regjeringa sende ut fredag, går det fram at eit botnfrådrag på 10.000 kroner i praksis bety at dei fleste som sel overskotsstraum frå solceller eller andre former for fornybar straumproduksjon på eigedommen, ikkje vil betale noko skatt.

Enkle, praktiske og rimelege

For dei som sel straum for meir enn 10.000 kroner, foreslår regjeringa at berre 85 prosent av inntekta blir rekna som skattepliktig inntekt.

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) seier det er positivt for samfunnet at overskotsstraum frå privatbustader kan sendast ut i straumnettet:

– Forslaget sikrar at reglane for skattlegging av strauminntekter frå eigen bustad og eigen fritidsbustad er enkle, praktiske og rimelege.

Planla 22 prosent skatt

I fjor vart det kjent at Skatteetaten planla å innføre skatteplikt for private som tente pengar på overskotsstraum frå solceller på taket. Det vart då vurdert at skulle skattleggjast med 22 prosent etter reglane for kapitalinntekt.

Dette vekte likevel reaksjonar i det politiske miljøet som ikkje ville ha noko av ei slik skattlegging.

Powered by Labrador CMS