nyhende

Frå i juni blir desse bussene å sjå på vegane mellom Bergen og Stavanger.ILLUSTRASJON: KYSTBUSSEN
Frå i juni blir desse bussene å sjå på vegane mellom Bergen og Stavanger.ILLUSTRASJON: KYSTBUSSEN

Snart kan du sjå Sveio frå andre etasje på bussen

Frå juni månad set Kystbussen inn nye luksusbussar med to etasjar på rutene mellom Bergen og Stavanger.

Publisert Sist oppdatert

— Endeleg kan vi lansere det vi har jobba med lenge. Kystbussen sin nye bussar med to etasjar skil seg frå dagens bussar og vil gi våre passasjerar enda betre reiseopplevingar, seier produkt- og konseptsjef Svein Helge Hauge i Tide.

Seks dobbeltdekkarar

Dei nye bussane vil ha plass til 67 passasjerar. Det er bestilt til saman seks bussar. Dei fire første blir bygd av den belgiske produsenten Van Hool, og blir levert i juni. Dei to siste blir bygda av Volvo og bli levert og sett i rute til hausten.

Frå i juni blir desse bussene å sjå på vegane mellom Bergen og Stavanger.ILLUSTRASJON: KYSTBUSSEN

Kystbussen har vore aktiv i utforminga og fokuset har vore på å bygge bussar med høgt komfortnivå for dei reisande, skriv selskapet i ei pressemelding.

Dei nye dobbeltdekkarane er utstyrt med ulike plasstypar. Dei er mellom anna utstyrte med plassar med eigne bord.

— Passasjerane vil også få tilgang til kaffemaskin, straumuttak og kjøleskap, så her vil dei reisande kunne kombinere reise og arbeid på ein behageleg og tidseffektiv måte, seier Hauge.

Dei nye bussane får også eigne kvileplassar, med ekstra breie seter og leggkvilarar. Desse er plassert i andre etasje på bussen og gir ein flott utsikt.

Selskapet reknar med at setene heilt i front i andre etasje vil bli spesielt populære, med både komfortable seter og panoramautsikt til vestlandslandskapet.

Dei normale setene om bord er fordelt på begge etasjar. Også desse har oppgraderte seter og høgare komfort enn dagens bussar.

Konkurrerer med bil og fly

Busselskapet meiner dei nye byssene vil bli ein sterk konkurrent til både fly- og privatbilreiser på strekninga Bergen-Stavanger.

Hauge har stor tro på at bussene blir en suksess.

— Covid-19 pandemien har vore krevjande for både Kystbussen og reiselivsbransjen. Nå ser vi at reiselysta er på veg opp, og at fleire reiser både i jobb- og fritidssamanheng, seier Hauge.

Powered by Labrador CMS