nyhende
Snart kan det vere din tur
Om eit drygt år er det nytt kommune- og fylkestingsval. Lokale partilag håpar å sjå fleire nye andlet i styre og stell i Sveio.
Har du ei hjartesak du brenn for, eller er du mellom dei som riv seg i håret over korleis politikarane i Sveio eller i Vestland røystar når dei skal handsama skulebruksplanar eller avgjere kva kommunen skal investere pengane sine i? Då er tida komen for å vurdere å bli politisk engasjert.
— Blir du spurd om å stå på ei valliste for eit parti, så sei ja, oppmodar Sveio-ordførar Linn Therese Erve (Ap).
Saman med Monica Vandaskog Valen (Sp), Rune Teikari (Frp), Ruth Østebøvik Eriksen (Frp), Jarle Jacobsen (KrF), Kristina Våge Ballard (SV), John Kristian Økland (Høgre) og Asle Georg Halleraker (Ap) håpar ho å få opp interessa for lokalpolitikk i forkant av det komande arbeidet med å utarbeide nominerte kandidatar til vallistene.
For ordens skuld: Også MDG står bak oppmodinga, men dei var forhindra frå å møte Vestavind saman med dei andre partia måndag føremiddag.
Du får makt
Ordføraren trekk fram at ein som lokalpolitikar får høve til å vere med og påverke utfallet av dei sakene du bryr deg om.
— Slik kan ein vere med på å sikre at ei sak får ei avgjerd slik du sjølv ønskjer utfallet skal vere, seier ho.
Kristina Våge Ballard sit i sin første periode i kommunestyre for SV.
— Det har vore særs interessant, seier Ballard som ikkje har angre på at ho let seg overtale til å stå på lista for fire år siden.
Mange mogelegheiter
Om ein først engasjerer er det lett å bli bite av basillen. Sjå til dømes på Jarle Jacobsen, som er blitt ei røynd røyst i lokalpolitikken.
— Eg byrja mi politiske karriere som «listefyll», fortel han.
I dag er han ein av to KrF-representantar i kommunestyret, han sit i formannskapet, han er lokallagleiar i Sveio KrF og han er medlem av fylkesstyret i Vestland KrF.
Alle er også samde om at du som lokalpolitikar har kort veg inn til sentralmakta i Noreg.
— Noreg er eit lite land, og kommunikasjonslinjene er korte frå kommune til Storting, seier varaordførar Ruth Østebøvik Eriksen (Frp)
Dei håpar å sjå fleire nye namn på listene som må vere klare seinast 31. mars.
— Det er ein jo del grått hår her i dag, så meir ungt blod hadde vore kjekt, seier Rune Teikar (Frp).
Men dei er samde om at det er best med ei breiast mogeleg samansetning. Og det både når det kjem til kjøn og alder, for å speile alle dei nesten 6.000 innbyggarane i kommunen best mogeleg.
— Kven skal ein kontakte om ein har lyst til å stå på ei valliste neste haust?
— Ta kontakt med gruppeleiarar i kommunestyret eller andre som du kjenner er politisk engasjert, seier dei.
Vil styrke seg i fylket
Lokalpolitikarane i Sveio er også klare på at ein både i Sveio og i dei andre kommunane i Sunnhordland må gjere ein betre jobb for å få lokale politikarar inn i posisjonar i fylket. I inneverande periode er berre fem av 65 representantar på Fylkestinget frå kommunar i Sunnhordland.
— Fylkestinget har ansvar for viktige funksjonar som vidaregåande skuler og veg, så der er det viktig å ha nokon som kjenner regionen godt, seier dei.