nyhende
Snart full MC-rulle på vegane
1. mai markerer starten på MC-sesongen. Sykkelentusiast Salm Johan Tveit (43) har alt klargjort tohjulingen sin, og gir råd om kva du enkelt kan og bør sjekke sjølv før du legg ut på tur.
— MC er fridom, avkopling og opplevingar. Det finst ingenting betre enn å berre cruise av garde i finvêret!
Salm Johan Tveit vaks opp på gard, og vedgår at det tidleg fanst motoriserte doningar å øvingskøyre med. Men det var då storebror Tor Steinar kjøpte seg motorsykkel og lèt veslebror sitte bakpå, at draumen om eigen MC vakna i Salm Johan. Han var 20 år gammal då han kjøpte sin første sportssykkel – ein Kawasaki ZX-7R.
Overklar for vestlandsvegane
I dag er det ein sprek Suzuki GSX-R 1000 frå 2006 som står i garasjen i Odda. Der skal den ikkje stå så mykje lenger. Salm Johan er overklar for å opne sykkelsesongen og gje seg i kast med vestlandsvegane:
— Eg kosar meg veldig på tur aleine, og likar å stoppe og ta bilete undervegs, men det hender også at me er ein gjeng som køyrer i lag. I 2018 køyrde eg og sambuaren min i Noreg, Danmark og Sverige. Det var ein utruleg flott runde. Det er også mange fine og svingete vegar her på Vestlandet. Med Odda som utgangspunkt likar eg til dømes å køyre gamlevegen over Røldalsfjellet, til Sand, Sauda, Ølen og Åkrafjorden og attende til Odda. Det tek om lag tre timar, fortel han.
— Dette er jo babyen min
Før sykkelen kjem på vegen, har Salm Johan gått grundig over han. Han er også nøye før han set sykkelen bort etter kvar sesong:
– Sykkelen er inne på full service annakvart år, og då skiftar eg alle væsker; som kjølevæske, bremsevæske og motorolje. Når eg parkerer sykkelen for sesongen, står han i varm og tørr garasje. Eg set batteriet til vedlikehaldslading, og fyller tanken heilt opp med bensin.
For Salm Johan er derimot ikkje ein supernøye rundvask berre avgrensa til sesongstart og sesongslutt. Han reingjer kvar millimeter av sykkelen kvar gong han har hatt den på vegen, og humrar når han vedgår at han kanskje er litt grundigare enn det som er naudsynt:
— Dette er jo babyen min, så den steller eg fint med. Eg vaskar han med tannkost!
Her får du 14 sjekketips:
Rundvask
Viktig gjennom heile sesongen på grunn av smuss, insekt og regn. Bruk bøtte og svamp og vask med eit middel som er eigna for sykkelen. Og ja, du kan godt bruke tannkost for å komme til på dei trongaste stadene.
Batteri
Må vere er fullada, og batteripolane må vere reine, før du set batteriet på plass i sykkelen. Om batteriet ikkje har stått til vedlikehaldslading gjennom vinteren, bør det sjekkast ekstra nøye. Skru fast batterikablane og kontroller at batteriet sit fast. Er nivået på batterivatnet rett? (Gjeld ikkje lukka system).
Dekk
Nye og harde dekk kan vere glatte. Det trengst nokre mils køyring for å få bort den harde overflata. Sjekk mønsterdjubda, og at dekket ikkje har skadar. Ifølgje Statens vegvesen skal eit dekk skiftast viss mønsterdjupna er under 1,6 mm på maks 3/4 av dekkflata. Sjekk også datostempelet.
Lufttrykk
Det kan vere trafikkfarleg å køyre med for lite trykk i dekka. Sjekk instruksjonsboka og fyll luft deretter.
Bremser
Testbrems nokre gonger. Hugs at bremsene gjerne set seg litt viss dei har stått ei stund. Sjekk at slitedelar, som bremseklossar, toler ein sesong til.
Bensintank
Om sykkelen har stått langtidsparkert med halv tank, kan det ha kondensert vatn ut i bensinen. Det kan gi startvanskar. Tøm difor tanken og fyll på ny bensin. Då kan du også kontrollere om bremseslangane er slitne og bør bytast.
Kjede
Om du ikkje gjorde det før du sette bort sykkelen før vinteren: Reingjer (tannkost er fint!) og smør kjeda med tilrådde produkt.
Lys
Sjekk at alle pærer fungerer, og at ikkje pærehaldaren eller koplingssplinten har irra. Sjekk at hovudlyset er rett justert.
Bremsevæske
Bremsevæske er ferskvare. Erstatt difor den gamle med ny.
Motorolje
Som tommelfingerregel bør motorolja skiftast éin gong i året, eller etter eit visst tal køyrde kilometer. Følg tilrådingane til produsenten. Om du ikkje skifta motorolje før vinteren, bør du uansett gjere det no. Skift også oljefilter.
Demping
Demparane er svært viktige for køyreeigenskapane. Om dei ikkje funkar som dei skal, bør du få dei sjekka av fagfolk.
Hjelm
Kontroller at hjelmen er merka som E-godkjent. Ifølgje NMCU heldt ein kompositthjelm 6–10 år. Plasthjelmar har noko kortare levetid. Om du har mista hjelmen i bakken og den har fått store og synlege skader, bør den uansett bytast. Hugs at små sår i lakken kan skjule større skader. Om du er usikker på skadeomfanget, bør du kontakte ein forhandlar for vurdering.
Visir
Kan vaskast med visirrens og «rain-off» som gir betre sikt og får vatn til å prelle av. Det finst også antidoggspray. Sjekk også om visiret har riper. Det kan gje svært dårleg sikt i sollys.
Køyredress
Vask klede i Gore-Tex etter anvisinga på merkelappen, og set dei inn med tilrådd impregnering. Skinnklede kan gjerne få ein omgang med skinnrens og skinnbevarande middel.
Kjelder: Salm Johan Tveit, Trygg Trafikk, NAF, Gjensidige og Online-mc.no