nyhende
Snart 1.000 tettstader i Noreg
Det er 990 tettstader i Noreg, og av desse er 20 nye i fjor. Snart blir det 1.000 tettstader, men det er ikkje sikkert det store antalet vil vare lenge.
Noreg har gått gjennom ei forandring når det gjeld urbanisering og aukande tal på tettstader dei siste hundre åra. No nærmar vi oss 1.000 tettstader, ifølgje Statistisk sentralbyrå (SSB), som i desember skreiv at vi har 990 tettstader og at 20 av desse var nye i 2023.
Den historisk tendensen er at folk har flytta frå bygder til byar og tettstader på jakt etter arbeid og utdanning. Denne trenden har vore tydeleg i Noreg, der tettstadene har vakse i takt med at talet på innbyggjarar i små bygder har minka.
– Fleire og fleire bur i tettbygde strøk. Slik har det vore sidan tidleg på 1800-talet. I førindustrielle samfunn rekna ein med at 10 prosent av innbyggjarane levde i byar. På 1800-talet blir det både danna fleire nye byar og ein får stor folkevekst i eksisterande byar, seier Arne Solli. Han er førsteamanuensis i historie ved Universitetet i Bergen, med hovudarbeid på demografi.
Tre krav
Første gong ein blir klar over at fleire flyttar til tettstadane, er i folketeljinga frå 1845.
– I 1845 blir ein merksam på at ein større del av befolkninga bur i byliknande strøk medan fleire flyttar frå bygdene. Denne tendensen aukar ut 1800- og 1900-talet, samtidig som fleire frå bygdene utvandrar til USA. Befolkningsveksten skjer i hovudsak i byane og tettstadane, fortel Solli.
Omgrepet tettstad vart her i landet første gong definert og brukt i større samanheng av Hallstein Myklebost i avhandlinga «Noregs tettbygde stader 1875–1950» frå 1960. SSB brukar ikkje omgrepet «tettstad» før i 1970.
Tettstaddefinisjonen til Myklebost inneheldt tre element: Ein tettstad måtte ha minst 200 innbyggjarar, det skal normalt ikkje vere meir enn 50 meter mellom husa og størstedelen av dei som bur der må ha inntekta si frå andre næringsvegar enn jordbruk og skogbruk.
Oslo og Geiranger
Definisjonen SSB la seg på frå 1970, tek berre omsyn til dei to første punkta, og i Noreg brukar vi omgrepet «tettstad» synonymt med «by», uavhengig av administrativ bystatus. Det gjer at frå 2023 går både Oslo og vesle Geiranger inn under omgrepet.
– «Tettstad» er eit funksjonelt omgrep. Det handlar om befolkningsmengd, befolkningstettleik og avstand mellom bygningar. Dermed blir både Oslo og Geiranger rekna som tettstader – for i Geiranger er dei akkurat over minstetalet av folk ein tettstad må ha: 200, seier Solli.
Det gjer at sjølv om desse tettstadane også gjeld som byar, er dei små. Så små at dei fleste av dei nye berre er akkurat over grensa på minst 200 innbyggjarar.
Få store tettstadar
Av alle tettstadar i her i landet har 89 prosent færre enn 5.000 innbyggjarar, skriv SSB. 924.673 menneske bur her, medan tettstadene med over 5.000 innbyggjar rommar 3.629.888 menneske. Det er berre i seks tettstader det bur fleire enn 100.000 menneske i Noreg: Oslo, Bergen, Stavanger/Sandnes, Trondheim, Drammen og Fredrikstad/Sarpsborg.
Først og fremst blir omgrepet tettstad nytta for å fange opp urbaniseringa utanfor dei tradisjonelle bykommunane, anten det gjeld forstadene i byane eller sjølvstendige tettstader elles i landet.
Trass i at vi ser ut til å bikke tusen tettstader i Noreg, er Solli usikker på om det er noko som vil vare, med sentraliseringa ein har sett dei siste tiåra.
– Eg trur det blir færre tettstadar, fordi dei større byane – som Oslo – vil ete opp dei omkringliggjande tettstadane. Mindre sentralisering kan oppretthalde tettstadar i Utkant-Noreg, og auke talet på dei, men dette blir i stor grad ei politisk avgjerd om kor mykje ein vil satse på å ha folk buande i grisgrendte strøk, seier Solli.