nyhende
Smittesporingsarbeidet er i gong
Seint tysdag kveld kom meldinga om at Sveio skule er stengt onsdag på grunn av ein positiv korona-prøve. Onsdag føremiddag er smittesporingsarbeidet i gong.
Medan over 500 elevar er heime i dag, blir det jobba for å få oversikt over situasjonen.
– Smittesporingsarbeidet har starta, nå ventar me på å få avklart situasjonen, seier rådmann i Sveio kommune, Jostein Førre. Det er mange spørsmål som melder seg, men han lovar at det vil komma meir informasjon i løpet av dagen.
– Me følgjer nasjonale retningslinjer inntil vidare, seier rådmannen.
Fleire i nabokommunen
Annonse
Det er ikkje kjent kor vedkommande som har fått positivt utslag på korona høyrer til. Lokalt veit ein at nabokommunen Stord er i ein periode med mange positive prøvar blant innbyggjarane.
Denne veka er det registrert 79 positive koronatestar. I førre veke var det 62, og veka før det 35, i følgje Stord kommune.