nyhende
Smitte på fire av fem skular
Valestrand oppvekstsenter er den einaste skulen i Sveio som ikkje har fått påvist koronasmitte.
– Vikse skule har hatt størst tal på smitte kring haustferien. Eg trur haustferien berga oss frå at dette blei større og det no berre er einskilde tilfelle slik det også er ved Auklandshamn skule, opplyser kommunalsjef skule og barnehage, Elisabeth Nygaard.
Ho kan elles opplysa at Førde skule berre har hatt eitt tilfelle, og Valestrand har ingen smitte så langt. For barnehagane er det spesielt to barnehagar som er råka av smitta.
Som tidlegare oppsummert i Vestavind er det no smitte både på ungdomsskulen og barnetrinna.
– Eg håpar at ved å innføra grønt nivå i barnehagar og skular, samt tiltak elles i samfunnet som til dømes karantene for nærkontaktar, vil me klara å begrensa smitta vidare og få ei fin adventstid med tradisjonelle aktivitetar i barnehagar og skular, seier Nygaard.
Førebur for gult nivå
Sveio kommune følger nasjonale retningsliner førebels og har innført grønt nivå for barnehagar og skular med smittevernfagleg forsvarleg drift.
Ifølgje Nygaard skal kommunen likevel førebu for gult nivå slik at ein kan endra på kort varsel ved trong for det.
Avventar situasjonen
– Nivå etter Trafikklysmodellen blir vurdert ut frå rapportering om smitte frå den einskilde eining i samråd med kommunelegen og leiinga i kommunen. Kommunen har god kontakt med kommunale einingar og dei private barnehagane. Me har gjennomført møte med alle etter regjeringa si pressekonferanse. Me har altså ikkje vurdert smittesituasjonen slik at me skal følgja gult nivå førebels, opplyser kommunalsjefen.