nyhende

_MG_9373

Smitta var på Kystbussen onsdag 16. september

Ein passasjer smitta med covid-19 var på Kystbussen mellom Bergen og Stavanger onsdag 16. september. Det er Folkehelseinstituttet som opplyser om dette.

Publisert Sist oppdatert

Avgang frå Bergen var klokka 13.25, og ankomst i Stavanger var klokka 18.50.

Dei som har vore ombord på denne reisa, blir oppmoda til å vera merksame på eiga helse, og ta kontakt med helsetenesta dersom symptom på luftvegsinfeksjon oppstår. Så lenge ein er utan symptom, er ikkje karantene nødvendig, opplyser FHI.

Basert på erfaring frå Noreg og andre land, er smitterisikoen rekna som låg for andre passasjerar i slike tilfelle.

Passasjerar som tok fly frå Haugesund til Oslo måndag 7. september kl. 20.56 og frå Oslo til Haugesund fredag 4. september kl. 19.19 kan også vera merksame, det også var korona-smitte ombord på begge flygningane.

Powered by Labrador CMS