nyhende
Smått og graskargodt
Tre superenkle oppskrifter med graskar-restar.
Rista graskarkjernar
- 250 g graskarkjernar
- 2 ss olje eller smelta smør
- 1/2 ts salt
- Valfritt: 1/2 ts kvitløkpulver
Set steikjeomnen på 180 grader C. Skjer ut eit lokk på graskaret og grav ut frøa og fruktkjøtet. Plukk ut frøa og skyl dei godt under kaldt vatn. Gni frøa tørre med eit glashandklede eller tørkerull.
Lag ei oljeblanding av salt og olje, og bland dette godt med kjernane. Likar du meir smak, kan du også venda kjernane i andre krydder.
Fordel graskarkjernane tynt utover ei steikjeplate kledd med bakepapir. Steik kjernane til dei er lett brune (ca. 15–25 min). Snu dei av og til. Avkjøl på kjøkkenpapir.
Pesto av graskarkjernar
- 2 dl frisk kruspersille
- 2 dl frisk basilikum
- 50 g rista graskarkjernar
- 1 båt kvitløk
- 5 ss riven parmesan
- safta av 1 sitron
- 2 dl olivenolje
- 1 dl kaldt vatn
Rist graskarkjernane i ei tørr panne. Ta gjerne vare på 4 ms til pynt.
Ha alle tørre ingrediensar i ei kjøkkenmaskin. Spe med olje og vatn og køyr til du får ein jamn pesto. Smak til med parmesan og sitron.
Graskarfrites
- 1/2 graskar (ca. 400 g)
- 2 ss valnøttolje
- 2 båtar kvitløk – finhakka
- salt og nykverna pepar
Varm omnen til 180°C. Vask graskaret godt, del det i to og skrap ut kjernane. Del graskaret i strimlar på langs og deretter i stavar.
Bland stavane med finhakka kvitløk, litt salt, nykverna pepar og valnøttolje. Bak graskarstavane i omn til dei er møre og lekre i fargen, ca. 20 minutt.
Kjelde: Opplysningskontoret for frukt og grønt