nyhende

Færre mobbesaker i Vestland:

skule elevar buss
Sjølv om færre mobbesaker er meldt inn i år, kan det vera at nokon har det utriveleg på skulen utan å seia ifrå. Kunnskaps- og integreringsministeren ber alle om å vera merksame.

Små og store må vera merksame

– Jobben med å bekjempa mobbing kan ikkje stoppa sjølv om me har ein pandemi. Både små og store må vera spesielt merksame nå som me er meir isolerte, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby.

Publisert Sist oppdatert

Det blei meldt inn 590 mobbesaker til fylkesmennene i vår. Det er færre enn hausten 2019, då det kom inn 731 saker. Koronautbruddet kan vera årsaka til nedgongen. I eit stort fleirtal av sakene har konklusjonen vore at skulen har brote aktivitetsplikta, og ikkje gjort nok for å stoppa mobbing og andre krenkingar.

– Det er uakseptabelt at så mange elevar og foreldre opplever at skulen ikkje gjer nok for å hjelpa elevane som ikkje opplever å ha ein trygg og god skulekvardag, seier Melby i ei pressemelding frå Kunnskapsdepartementet måndag morgon.

Dersom elevar og foreldre meiner at skulen ikkje gjer nok for å sikra at dei har det trygt og godt på skulen, kan saka meldast til fylkesmannen. Men først må saka bli tatt opp med rektor på skulen, som har éi veke på seg på laga ein plan og setja inn tiltak for eleven.

Fylkesmannen i Vestland fekk inn 52 saker våren 2020. Det er 43 kommunar i fylket.

Meir informasjon skulemiljø på udir.no

Powered by Labrador CMS