nyhende

Slit med å få selt kvalkjøt i norske butikkar

Noreg er eitt av tre land som framleis driv kommersiell kvalfangst. Store delar av kvalkjøtet som blir fangsta, går til Japan.

Publisert Sist oppdatert

Kvalkjøt

Fangst frå norske kvalfartøy dei siste åra i forhold til kvoten.

  • 2019: 429 dyr, 34 prosent av kvoten. 12 fartøy deltok.
  • 2020: 503 dyr, 39 prosent av kvoten. 13 fartøy deltok.
  • 2021: 577 dyr, 45 prosent av kvoten. 14 fartøy deltok.
  • 2022: 581 dyr, 63 prosent av kvoten. 13 fartøy deltok.

Eksporttal for kvalkjøt frå Noreg til Japan dei siste åra.

  • 2018: 147.854 kg
  • 2019: 200.158 kg
  • 2020: 214.760 kg
  • 2021: 193.252 kg
  • 2022: 350.679 kg
  • 2023: frå januar til byrjinga av september 191.038 kg

Kjelde: Fiskeridirektoratet

I år har Fiskeridepartementet sett den norske kvalfangstkvoten til 1000 vågekval , litt opp frå 2022. Auken kjem av ubrukt kvote i fjor som er overført til 2023. Midtvegs i oktober er det fanga berre 231 dyr.

Dei siste åra har Noreg eksportert mykje sjømat, mellom anna laks, til Japan. Men japanarane har òg fått smaken på norsk kvalkjøt. Ifølgje merkevareorganisasjonen Norsk Hval, endar mykje av kvalkjøtet som blir fangsta i Noreg opp i nasjonen på den andre sida av kloden.

– Overordna kan ein nok seia at halvparten av kvalkjøtet går til Japan, mens resten blir i Noreg, skriv dagleg leiar Stine Frivåg i Norsk Hval i ein e-post til Nynorsk pressekontor.

– Japan er den einaste reelle eksportmarknaden for produkt av norsk kval og me jobbar kontinuerleg for å sikra betre rammevilkår for eksport til den japanske marknaden. Norske og japanske myndigheiter møtest jamleg, og me kjem til å halda fram dialogen med Japan, seier statssekretær Vidar Ulriksen i Nærings- og fiskeridepartementet i ein epost til NPK.

Få aktørar

Det er i dag berre éi bedrift – Myklebust Hvalprodukter – som får lov til å driva kvalhandel med japanarane. Ho held til på Harøya i Ålesund kommune.

– Grunnen til at det berre er dei som får selja kjøt til Japan er at japanarane har spesielle krav som handlar om å frysa kjøtet ned på fangsskuta så fort som mogleg etter fangsting. Dette har med blodverdien å gjera. Det er berre ein båt i kvalfangstflåten i dag som har frysar om bord, fortel styreleiar Øyvind Haram i Norsk Hval.

I all hovudsak er det råstoff som blir sendt til foredling i Japan.

Dag Myklebust i Myklebust Hvalprodukter fortel at kvalkjøtet har fleire bruksområde i Japan.

– Dei brukar kvalen i mange retter og har jo ein litt annan matkultur enn det me har. Og så gjer dei seg nytte av alt mogleg som dei haustar av naturen.

Vanskeleg marknad på heimebane

Sjølv om norsk kvalkjøt blir sendt i store kvantum til Asia, er det ikkje like lett å nå ut til kjøparane her heime.

– Kval er ein utruleg ressurs, spesielt i perspektiv av at me lever i ei verd der me blir bedne om å eta mindre raudt kjøt, og meir sjømat. Vågekval-mengda veks, og me tek berre ut ein liten del av bestanden, seier Haram.

– Om ein ser på Noreg som marknad, har det vore mange fordommar og motstandarar. Det har gjort det vanskelegare å få selt kvalkjøtet. Spesielt når ein ser at ein del andre får indirekte subsidiert av staten for å marknadsføra produkta sine, så skal det litt til å komma dit.

Kampen om plassen i frysedisken kan vera hard. Ifølgje Haram var 2022 det fyrste året ei norsk butikkjede hadde norsk kvalkjøt i disken. I år er det to.

Nye måtar for fangst og lagring

Organisasjonen Norsk Hval har gått stegvis for å bygga ei merkevare som promoterer norsk kvalkjøt. Øyvind Haram seier at det har blitt jobba med nye måtar både å driva sjølve fangsten på og lagring av kjøtet.

– Foreldra og besteforeldra våre vil kanskje hugsa at kval var dumpingvare. Det var store mengder av han, og han blei brukt mange plassar. På den tida visste ein ikkje korleis ein skulle skjera kjøtet eller oppbevara det. Når ein let kvalkjøt ligga, oksiderer det og får transmak. Det gjer at det ikkje smakar noko godt.

Haram peikar på intensjonsavtalen for eit sunnare kosthald, som er utarbeidd av Helsedirektoratet. I avtalen heiter det at målet er å redusera inntaket av salt, sukker og metta feitt. Samstundes har ein eit mål om å auka inntaket av frukt og bær, grønsaker, grove kornprodukt, fisk og sjømat i befolkninga.

– I den store diskusjonen om å eta mindre av noko og meir av noko anna, kjem me til kort.

Støtte i Nærings- og fiskeridepartementet

– Me er i høgste grad opptekne av FNs berekraftsmål. Vis meg den andre næringa som fangstar så lite av kvotane sine. Eg skulle gjerne ønskt at det var meir, men det er ikkje marknad for det, seier Haram i Norsk Hval.

Samtidig skulle han ønskt at norske myndigheiter var meir villige til å støtta opp om fangstnæringa. Han meiner at det må meir enn ord til for å gje kvalfangstnæringa eit løft.

– Me tek ut berre ein liten andel. Så er det eit internasjonal forbod som held fast i narrativet om at kvalen ikkje skal fangstast, seier Haram.

– Det er klart at kvalfangsten har sine svin på skogen frå gammalt av, men denne fangstmetoden er det 50 år sidan me slutta med. Ingen visste kva berekraft var då. Det er ikkje slik lenger, og kvalen er havets flytande gull.

– Må eta meir mat frå havet

Førre fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran uttrykte tidlegare i år at den norske kvalfangsten handlar om berekraftig forvalting.

– Skal me nå FNs berekraftsmål, må me eta meir mat frå havet, ikkje mindre. Norsk kvalfangst er eit lite, men viktig bidrag til sunn og kortreist sjømat, sa ministeren då.

Ifølgje regjeringa finst det over 100.000 vågekvalar i norske farvatn.

– Vågekvalbestanden er i svært god forfatning, og Noreg er langt framme når det gjeld effektive fangstmetodar og dyrevelferd. Bestanden blir forvalta på ein god og berekraftig måte. Dessutan et kvalen betydelege mengder fisk som er mat for andre artar, mellom anna menneske. Norsk kvalfangst bidreg til balanse i dei marine økosystema, sa han vidare.

Norsk kvalfangst

  • Fangst av vågekval i norske farvatn er tillate. Fangstfartøyet må vera registrert i merkeregisteret, og ein må gjennom eit kvalfangstkurs som fiskeridirektoratet sjølv tilbyr.
  • Norsk kvaloljeproduksjon frå 1956–1957 på 1 million fat hadde ein verdi på 300 millionar kroner, ifølgje tal frå SSB. Særleg mange vestfoldingar reiste til kvalstasjonar i Antarktis. På den britiske øya Sør-Georgia er det mellom anna ei norsk kyrkje i Grytviken.
  • I dag er det berre Noreg, Island og Japan som driv kommersiell kvalfangst. Grindadráp er ein lang tradisjon på Færøyane der dei fangar grindkval frå båtar. Metoden haustar òg mykje kritikk på fleire punkt. Urfolk i USA, Canada og Russland har løyve til å fanga kval. Denne fangsten er likevel i betydeleg mindre skala enn den kommersielle.
Powered by Labrador CMS