nyhende

Meirforbruket til utbygginga av Sveio skule er på 10.536.938 kroner.
Meirforbruket til utbygginga av Sveio skule er på 10.536.938 kroner.

Slik vil dei dekka meirforbruket

Formannskapet i Sveio slutta seg måndag samrøystes til det forslaget rådmannen har lagt fram for finansiering av meirforbruket til utbygginga av Sveio skule.

Publisert Sist oppdatert

Både Jarle Jacobsen (KrF) og Håkon Skimmeland (Ap) reagerte likevel på at politikarane ikkje blei orienterte om overskridinga tidlegare.

Meirforbruket er på 10.536.938 kroner.

Forslaget, som går vidare til kommunestyret, går ut på å finansiera dette med 1.840.000 kroner frå prosjekt bustad flyktning, 500.000 frå prosjekt lysløype 2, momskompensasjonar på til saman 2.123.000, spelemidlar på 300.000, andre refusjonar på 100.000 og låneopptak på 5.673.846 kroner.

Powered by Labrador CMS