nyhende

Slik snikrar du ein kassesuksess

Publisert Sist oppdatert

Kasseregister art for art

Rundt 25 av artane våre hekkar i tradisjonelle kasser, og eit titals artar føretrekker spesialkasser. Fossekall, tårnfalk, linerle føretrekker til dømes halvopne kasser, medan taksvalene kan få kunstige reir og sandsvalene bustadblokker. Krykkene kan i sin tur hekke på hyller, tjeld og fiskemåke på små brett på ein gjerdestolpe, medan dvergfalken føretrekker kunstige kvistreir.

Alle dei ulike artane har ulike krav til storleik på både kasser og innflygingshol og biotop. Ei meisekasse bør til dømes ha eit innvendig botnmål på minst 10 x 10 cm.

Det er viktig at alle kasser er så djupe at andre dyr ikkje greier å plukke ut ein unge gjennom opninga. Det er også difor inngangsholet bør vere så lite som mogleg, slik at det berre er den ynskte arten som klarer å smette inn. Dette er kassetips for nokre av dei vanlegaste fuglane våre:

  • Blåmeis, svartmeis, lauvmeis og granmeis: Flygehol på 25–28 mm. Kan henge 1,5–2 meter over bakken.
  • Toppmeis og lappmeis: Innflygingshol på 28–30 mm. Kan henge 1–2 meter over bakken.
  • Kjøttmeis: Innflygingshol på 30–32 mm. Kan henge 1,5–2 meter over bakken.
  • Svartkvit flugesnappar og pilfink: Innflygingshol på 32 mm. Bør henge 1,5–2 meter over bakken.
  • Raudstjert: Innflygingshol på 5 cm eller halvopen front. Bør henge 1,5–3 meter over bakken.
  • Stær: Innflygingshol på 45–50 mm. Bør henge 3–4 meter over bakken. Kan og bruke avlange, liggjande kasser med flygehol på sida.
  • Vendehals: Innflygingshol på 4–5 cm. Føretrekk holkar av uthola stokkar. Bør henge 1,5–2 meter over bakken.
  • Sporvugle: Innflygingshol på 45–48 mm som er 50–70 mm djupt. Føretrekker djupe holkar av uthola stokkar.
  • Tårnfalk: Føretrekker halvopne kasser på 30 x 30 x 30 som heng høgt ut mot opne jaktområde.

Både meis, flugesnappar, stær og ugle er avhengige av reir menneske eller andre fuglar har laga. Dette bør du vete når du skal lage den perfekte fuglekassa – og tiltrekke deg akkurat dei leigebuarane du drøymer om.

– Det som er viktig, er at du lagar innflygingsholet så lite som mogleg i høve til den arten du vil ha i kassa. Ei kasse til småmeis bør til dømes ikkje ha eit hol større enn mellom 25 og 28 millimeter i diameter. Då kjem ikkje kjøtmeisa og flugesnapparen seg inn, og småmeisa får hekke i fred.

Øivind Leren (66) nærast kvitrar når han fortel om kva for bustad dei ulike småfuglane våre vil ha. Ei fuglekasse er nemleg ikkje berre ei fuglekasse. I tillegg til dei klassiske kassene som varierer i buareal og har ulik storleik på inngangsdøra avhengig av kven som skal flytte inn, kan ein lage eit utal spesialkasser, holkar, hyller, kunstige kvistreir, hekkeplattformer og brett, flåtar og svalehus.

Bok for kassebyggarar

I si nye bok «Fuglekasser» har naturfotografen difor zooma inn på dei alle og besøkt fuglekjennarar over store delar av landet for å få samle inn kunnskap og historiske anekdotar om både kassene og bebuarane.

Her er smellvakre bilete av både artane og egga deira, og detaljert informasjon om korleis dei bur, syng, trekkjer, hekkar, rugar og steller ungane sine – og kva dei føretrekker å ete.

Ein stor del av boka er vigd konkrete forklaringar og teikningar av korleis du kan byggje eigne kasser til dei ulike artane. Visste du til dømes at det helst bør vere uhøvla materiale på innsida av kassa? Eller at botnen av kassa bør ha drenering? Ja, eller at impregnert trevirke ikkje eignar seg til byggjemateriale, til liks med finer og sponplater som trekkjer vatn?

I stabelen til venstre står dei ei kasse for sporvugle nedst, og kasser til linerle, tårnseglar og grå flugesnappar oppå. I neste stabel er det kasse til tårnfalk, fossekall og stær. I tredje stabel frå venstre er det ei perleuglekasse med to variantar av raudstjertkasser oppå. Heilt til høgre står ei kasse til kattugle med ei kjøttmeis- og blåmeiskasse plassert oppå. På trestammen heng ei kasse til trekrypar.

Nøkkel til naturen

Trass i at Leren har livnært seg som naturfotograf i snart 40 år og seinast for fire år sidan gav ut bok om fuglebrettet, er han snar med å påpeike at han ikkje er ornitolog og aldri har vore nokon hardcore fuglekikkar. Men han har alltid hatt stor glede av å vere i og studere naturen – og av dei mange flygande smånaboane sine.

I arbeidet med denne boka har interessa og lidenskapen berre vakse, fortel han:

– Det har vore utruleg interessant å besøkje entusiastane som har lang erfaring med ulike typar kasser. Jo meir eg har lært, jo meir interessant er det blitt. Ei fuglekasse er jo så mykje meir enn berre ei firkanta kasse – og dessutan ein fin inngang til spennande naturopplevingar. Ein treng jo slett ikkje vere møbelsnikkar eller ornitolog for å drive med dette. Ein kan jo berre kjøpe seg ei ferdig kasse – eller byggje hundrevis sjølv, humrar fotografen, som seinast i går hang opp sju nye kasser i nærområdet sitt.

Ein blå ven

Samla har Øivind Leren rundt 50 kasser og har hatt alt frå haukugle og perleugle og vendehals som leigebuarar. Det er likevel den unnselege blåmeisa som gjer forfattaren varmast om hjartet.

– Eg er veldig glad i alle fuglar, men mange av dei dreg jo sin veg om vinteren. Det gjer ikkje meisene. Blåmeisa er rundt husa heile året. Og i motsetnad til andre meiser, som hamstrar og kan gøyme mat på over 50.000 plassar og finne den att – er blåmeisa avhengig av å finne mat kvar dag. Det er difor ho er ein så vanleg gjest på brettet. Då blir ho jo også ein god nabo og ein nær ven.

Blåmeismor har travle dagar når fire svoltne munnar skal mettast.

Praktisk pedagogikk

Ifølgje Leren er talet på fuglar i Europa redusert med 600 millionar individ sidan 1980. Det er ein nedgang på over 20 prosent. Årsaka er alt frå temperaturendringar som påverkar insekta og med det tilgangen på fuglemat til utbygging av naturområde og tap av gammalskog som er full av holrom og naturlege reirplassar.

Attgroing av kulturlandskap, flathogst av skog som aldri rekk å bli så gammal at trea eignar seg til reirbygging og moderne bustadbygg har også sin del av skulda. Sistnemnde er så tett og straumlineforma at det ikkje finst ei einaste lita glipe eller rom for reirbygging.

– Fuglekasser kan ikkje redde alle fuglar, men dei kan hjelpe nokre av fuglane som slit. Men minst like viktig er det at å følgje med på livet i ei fuglekasse skaper større interesse og forståing for naturen. Det du kjenner blir du glad i, og det du er glad i, tek du jo vare på, seier Leren.

Murar med penthouse

Artar som plasserer reira sine i holrom blir kalla holrugarar. Primære holrugarar lagar reirhol sjølv, medan dei sekundære overtek hol etter andre artar. Primære holrugarar er mellom anna hakkespett, lundefugl, toppmeis og granmeis.

I Noreg har vi i overkant av 30 artar som er sekundære holrugarar. Dei omfattar alt frå meiser, svartkvit flugesnappar, stær, ugler og ender. Det er altså desse vi byggjer fugleholkar og -kasser til.

Ein gammal andeholk. Holkar er laga av runde, uthola trestokkar.

Sjølv om det finst mykje kunnskap om kva for bustad dei ulike fuglane føretrekker, betyr det likevel ikkje alltid at du får dei leigebuarane du trur når du snikrar kassa, understrekar Leren. Spettmeisa er til dømes ein eminent murar som kan tette att store opningar med leire slik at berre ho sjølv kjem seg inn.

– Ei gong snikra eg eit skikkeleg penthouse til kattugla. Kassa var 35 centimeter i innvendige mål. Men då eg sjekka kameraet eg hadde sett opp, var det ei kjøtmeis som hadde flytta inn og bygd reir på eit grønt vegg-til-vegg-teppe av grøn mose. Det er noko av spenninga. Du kan planleggje for ein art, og så får du plutseleg noko heilt anna.

Heilårshobby

Kor fort fuglane flyttar inn, avheng sjølvsagt av hekkesesongen deira – men også av om fuglane faktisk har oppdaga kassa. Det kan dei gjere når som helst.

– I fjor hang eg opp meisekasse på føremiddagen, og same ettermiddag flytta blåmeisa inn. Blåmeisa førebur hekkesesongen no, og i mai kjem til dømes både flugesnappar, vendehals og raudstjert attende frå Afrika og leitar etter reirplass. Slik sett er dette rette tida å henge opp kasser på, seier Øivind Leren.

– Men om du skulle kome seinare i gang, er du jo berre ute i god tid til neste år. Fuglane i nærområdet oppdagar også kassene om vinteren, og brukar dei til å overnatte i. Mitt råd er difor å snikre heile året og henge opp kassene når dei er ferdige.

Ein kan kjøpe ferdige fuglekasser med innebygd kamera som ein kan kople opp mot både telefon, pc-skjerm og tv.

Vårreingjering

Dei fleste kasser treng tidvis vedlikehald for sjå til at konstruksjonen er sikre. Etter vinteren kan det også ha samla seg mykje fugleskitt i kasser og holkar frå fuglar som har overnatta.

Om du vil reingjere kassene etter hekkesesongen, må du vente til du er heilt sikker på at hekkesesongen er ferdig. Ventar du til det er minusgrader er du også mindre utsett for bit frå fuglelopper.

Vegg-til-vegg-teppe

Artar som vendehals, kvinand, laksand, lappfiskand, perleugle, sporvugle, slagugle, kattugle og haukugle byggjer ikkje reir, og vil gjerne ha litt flis i botnen på kassa. Det same gjeld kaie og skogdue, som berre byggjer enkle reir sjølv.

Granmeis og toppmeis blir glad om du fyller opp kassa med lett komprimert kutterspon eller kutterflis til litt over innflygingsholet, slik at dei kan hakke ut sine eigne reirhol.

Kjelde: «Fuglekasser» av Øivind Leren

Powered by Labrador CMS