nyhende
Slik sikrar du båten din mot hamnespy
Båtsesongen er så smått i gang, og er du båtførar på Vestlandet kan det vere greitt å vere ekstra merksam på ein uboden gjest som festar seg på skrog og tauverk.
– Vi oppmodar fritidsbåteigarar til å kontrollere fartøya sine for å sjå om det er hamnespy på skrog eller tauverk – og særleg no etter båtane kanskje har lege stille heile vinteren, seier forskingssjef Vivian Husa ved Havforskingsinstituttet (HI) til Nynorsk pressekontor.
Hamnespy, eller japansk sjøpung som arten eigentleg heiter, er uønskt i Noreg, og kan potensielt føre til veldig alvorlege konsekvensar i farvatna våre. Mellom anna kan hamnespyet legge havbotnen brakk ved å kvele alt det møter på sin veg.
Arten blei for første gong oppdaga her i landet i Engøysundet i Stavanger i 2020, og har sidan då blitt påvist i Egersund, Stavanger, Haugesund, Bømlo, Bergen, Askøy, Os, Gulen og Florø. Havforskingsinstituttet trur hamnespy vil flytte seg vidare i åra framover.
– Vi ser at arten spreier seg langsamt ut frå dei første stadane vi oppdaga han. På Askøy, der det vart påvist hamnespy for fire år sidan, har arten spreidd seg ut i tareskogen og til øyane og holmane rundt, fortel Husa.
Førebygging og reingjering
Har båten din lege til kai i eit utsett område over tid er det ekstra viktig å ta ein sjekk. Hamnespyet kan feste seg på både skrog og tauverk, og båteigarar blir oppmoda om å førebyggje.
– Vi ser at botn-smørjing på skroget verkar veldig godt som førebyggingstiltak. Tauverk kan du ta på land og legge i ei bøtte med ferskvatn i eitt døgn for så å tørke det, seier Husa.
Dersom du er uheldig å oppdage hamnespy på båten din er det viktig å reingjere på rett måte.
– Ta båten heilt opp på land og frakt han til eit område der det ikkje er fare for at reingjeringsvatnet går tilbake i sjøen. Du må gjerne spyle med høgtrykksspylar. Så etter grundig reingjering lét du båten tørke heilt før du legg på botn-smørjing, forklarar Husa.
Ho oppmodar òg hamneeigarane til å ta ansvar.
– Det er viktig at båtforeiningar held bryggjer og tau fri for hamnespy.
Meld frå
Havforskingsinstituttet tek gjerne imot tips frå folk dersom dei mistenkjer at dei har hamnespy på båten sin eller på anna utstyr.
– Send oss gjerne eit bilete. Det kan du gjere direkte til meg eller rapportere inn på dugnadforhavet.no, fortel Husa.
– Kor lang tid tek det før de svarer?
– Dersom det er eit godt nærbilete tek det ikkje lang tid, seier Husa.
Korte strandhogg – ingen fare
Avslutningsvis kjem Husa med nokre roande ord til båteigarar som er redde for å få hamnespy med seg på seglasen i sommar.
– Viss du har eit kort opphald på plassar det er påvist hamnespy er det svært liten sjanse for at du tek med deg arten vidare. Vi ser at det er båtar som ligg lenge – typisk gjennom vinteren – som er mest utsette, seier havforskaren.