nyhende
Slik lagar du din eigen monsterbrus
Du treng ikkje kjøpe kolsyre for å lage din eigen brus. Sitronsyre og natron fiksar boblene!
Utstyr
- 2 kjøkenglas
- 2,5 dl vatn
- 2 ts sukker
- 1/2 ts sitronsyre
- 1/2 ts natron
- Smaksdropar
- Konditorfarge
Framgangsmåte
Bland ut konditorfarge i ein halv desiliter vatn i det eine glaset. Fyll det andre glaset med 2 desiliter vatn og rør inn sukkeret til det er oppløyst. Ha i sitronsyre og rør forsiktig, før du har i natron og rører det inn. Tilsett smaksdropar etter ynskje, og hell i nokre dropar av det farga vatnet frå det andre glaset. Server!
Annonse
Kva er det som skjer?
Når du blandar sitronsyre og natron, skjer det ein kjemisk reaksjon mellom syre og base som fører til danninga av gassen CO2. Det er denne gassen som gir boblene i brusen. Sitronsyre er ei syre, og natron er ein base.
Dette er det tredje av fire eksperiment du kan prøva heime. Søk på leik og lær så får du opp dei andre.
Kjelde: Sandra Dybos/ViteMeir