nyhende
Slik kjem du deg enklast ut i naturen med barn
Eventyrar og fjernsynsprofil Alexander Read meiner ein korkje treng mykje eller dyrt utstyr for å kose seg i naturen. – Ein treng svimlande lite for å få gode opplevingar ute, seier han.
Norsk Friluftsliv og dei 19 medlemsorganisasjonane deira arrangerer Friluftlivsveka 2024 første veka i september. Målet er å inspirere folk til å finne ein friluftslivsaktivitet å drive med, men for mange kan dørstokkmila vere lang. Alexander Read har eit klokkeklart råd til familiar som synest det er vanskeleg å ta det første skrittet ut i naturen.
– Mitt aller beste tips er å berre gå ut, seier han til Nynorsk pressekontor, og humrar før han held fram:
– Du må rett og slett berre sette av tid til det og ikkje la andre ting komme i vegen. Om du bestemmer deg for at de på eit bestemt tidspunkt skal ut, så er det langt enklare å få gjennomført.
Oppskrift på turmagi
Read har etter kvart blitt eit kjent fjes for mange nordmenn. Gjennom fjernsynsseriane «Mina og meg», «Mina, Lilje og meg» og «Mina og meg med hele sirkuset» har vi fått følgje han og familien på ekspedisjonar på kryss og tvers i det langstrekte landet vårt. Eit ord Read brukar mykje i seriane er turmagi, og ifølgje turentusiasten sjølv er det enklare enn ein kanskje skulle tru å finne denne magien – om ein berre senkar ambisjonsnivået.
– Ha så lågt ambisjonsnivå som mogleg. Du kan fylle ein liten tur med mykje. Det er ikkje lengda på turen som avgjer kor bra han blir – i alle fall ikkje for ein barnefamilie. Ei 600 meter lang strekning kan innehalde masse historieforteljing. De kan leite etter troll, de kan plukke forskjellige ting, de kan sjå på ting og lage historier. Det er berre fantasien som set grenser for kva de kan fylle turen med, seier Read.
– Som vaksen vil ein i utgangspunktet tenkje at ein slik tur kanskje er meiningslaus, men den kan vere alt anna enn det. Den kan vere heilt magisk, men det kjem an på kva du gjer den til for deg sjølv og for barna, held han fram.
Involver barna
Om ein skal ut med familien er det truleg mange som vel å gjere all planlegginga utan å involvere barna. Read meiner ein gjer seg sjølv ei bjørneteneste ved ikkje å ta barna med i prosessen.
– Når ein skal ut på tur er det lett å legge på mange lag av vaksenplanar, som eigentleg er veldig avgrensande for turen til barna. Må du eigentleg bestemme deg for at de skal gå til ein topp? Kan de ikkje heller gå mot ein topp og så stoppe før de er framme for å gjere noko morosamt som barna har lyst til, spør Read retorisk.
Han meiner ein må vere varsam med å bestemme rammene for turen over hovudet på barna.
– Barna kan enkelt vere med å bestemme desse tinga. Då får dei òg mykje meir eigarskap til turen.
Begynn med dagstur
Om ein er i ein familie heilt utan friluftslivserfaring er Reads beste tips å ikkje gå for hardt ut.
– All mi erfaring tilseier at de ikkje bør begynne med ein overnattingstur. Ta enkle dagsturar og bygg lag på lag. Gå gjerne den same turen fleire gonger og prat med barna om at her kan de kanskje sette opp eit telt ein gong. Så kan de etter kvart ta med det teltet – når de har blitt meir vande med friluftslivet, seier han.
Han peikar òg på at barn som er heilt utan friluftslivserfaring treng ei gradvis innføring i gledene ved naturen før ein går altfor ambisiøst til verks.
– Du kan ikkje plutseleg bestemme deg for at dette skal vere ei kjempefin greie. Det er ikkje å forvente at barna berre skal omfamne friluftslivet – i alle fall ikkje i den skjermverda vi lever i no. Å kaste seg rett på ein overnattingstur utan erfaring er ei veldig god oppskrift på at barna ikkje vil bli med neste gong.
Pakketips
Når ein skal ut i naturen er det òg viktig å vite kva ein bør og kva ein ikkje bør ha med seg. Også her er Reads beste råd å gjere det enkelt.
– Ikkje ta med deg for mykje – eller du må gjerne gjere det, men vit kva du tar med for mykje. Reduser der du kan – ikkje ta med to huer, eller to ullgenserar til kvar person om du skal sove ei natt i låglandet. Om du ikkje er vand med sekk kan det bli veldig tung oppakking for deg som vaksen. Det blir òg med på å redusere sjansane for at du har det overskotet du treng å ha overfor barna.
Også her oppmodar han til å la barna få vere med i prosessen.
– Å line opp utstyr før du dreg gir deg ei god oversikt over kva du har pakka og ikkje. Om du tek barna med på det får dei òg eigarskap til kva som er med i sekken.
Han peikar på at det ikkje nødvendigvis er vekt som er problemet, men volum.
– Soveposar, liggjeunderlag, klede, telt og mat tek stor plass. Invester i ein liten, men varm sovepose. Då sparar du mykje rom i sekken, avsluttar han.