nyhende

Taler ved 10. klassingar, ordførar, Sveio drill, Sveio skulekorps, traktorkortesje
Linn Therese Erve held tale ved Sveio omsorgssenter i 2020.

Slik kan me markera grunnlovsdagen i år

Den tradisjonelle feiringa med barnetog og samlingar på skular og grendahus er utelukka også i år på grunn av korona. Men, i år kan ein samla inntil 200 personar utandørs, etter gjeldande forskrifter.

Publisert Sist oppdatert

Tidleg denne veka kom Sveio kommune med sine anbefalingar til 17. mai-feiringa. Det er kommuneleiinga, i samråd med kommuneoverlegen, som har utarbeidd anbefalingar til markeringa, ut i frå gjeldande regelverk. Til ei viss grad gjeld dei inntil vidare, for endringar kan komma nærmare nasjonaldagen.

Som i fjor

– Det blir litt lettare anbefalingar i år enn det var i fjor, men likevel ikkje slik at me anbefaler tradisjonelle barnetog, då det er vanskeleg å halda kontrollen på kor mange som går. Me tenker at det er mogleg å ha same type arrangement som i fjor, og det vil vera opp til kvar enkelt komité å vurdera kva dei ønskjer å gjera innafor anbefalingane, seier ordførar Linn Therese Erve.

Forsangarar ved minnestøtta 17. mai 2020 var Lisbeth Børven Våbenø, Sveinung A. Andersen, Dagfinn Bjørge og Steinar Jacobsen.

Ei vesentleg endring frå sist år, er at 200 personar kan samlast utandørs, på til dømes flaggheising, kransenedlegging og under talar, då dette blir tolka som kulturarrangement.

Korps, drilltropp og eventuelt kor kan ha framføringar utandørs og i tråd med forskrifta. I alle tilfelle har arrangøren ansvar for at krava i forskrifta blir følgt, slik som krav til avstand, smittevern og oversikt på deltakarar.

Kohort-tog

17. mai er ofte omtala som barna sin dag, med is, leik og ulike tevlingar. Mykje tyder på at ein kan fylla opp frysaren og planleggja aktivitetar i år også. Men, eit alternativ som kommunen viser til, er å laga små tog med barn frå same barneskulekohort, sidan dei etter anbefalingane kan møtast på fritida. Det kan altså bli noko, men det er opp til dei ulike krinskomiteane å bestemma.

Kreative innslag som traktortog, båtkonvoi og bilkortesje – og sikkert mykje anna, sette ein ekstra spiss på dagen for mange i fjor, noko som er fullt mogleg i år også.

Mini-tog i sentrum

Det er enda litt tidleg for heilt konkrete planar, men ordføraren har gitt klarsignal til både drillen og korpset at dei kan begynna å øva. I fjor var det gudsteneste i Førde og Valestrand utandørs – det er ikkje umogleg at det vil gjenta seg i år. Etter det Vestavind kjenner til, er bilkortesje også under planlegging.

Bilkortesje i Buavåg 2020.

Ordføraren vil, tradisjonen tru, halda tale frå utsida av omsorgssenteret. Ho ser føre seg at ein på føremiddagen kan ha same opplegg som i 2020, med skulekorpset og drillen sine innslag i eit tog frå Vigdartun, utan at nokon går bak dei. Med så mange kreative innbyggjarar, er ho sikker på at det blir ein bra dag.

– Ut i frå komiteane eg har snakka med, har dei ønskje om ei form for markering. Det var mange fine markeringar i fjor som blir strømma digitalt. Me skal få til ei fin nasjonaldag i år også seier Erve.

17. mai-komiteane vil få tilbod om å nytta kommunen si Facebook-side for å streama eventuelle talar, slik som i fjor.

Merk at informasjonen er basert på noverande smittesituasjon, og at det kan komma nye anbefalingar før grunnlovsdagen.

Powered by Labrador CMS