nyhende
Slik kan du (nesten) gå på vatnet
Ikkje-newtonsk væske er rennande når ho får vera i fred, men blir hard om du rører raskt, knar eller slår på ho. Lagar du skikkeleg mykje, kan du faktisk gå på ho!
Utstyr
- Ein bolle til å blande i
- Rundt 2 dl Maisenna-mjøl eller potetmjøl
- Rundt 2 dl kaldt vatn
Framgangsmåte
Ha maisenna/potetmjøl og vatn i bollen.
Bland sakte og godt med hendene. Væska skal sjå flytande ut når du ikkje rører i ho, og vera hard når du arbeider med ho.
Det kan vera litt vanskeleg å lage blandinga perfekt med ei gong. Om blandinga er for tjukk, kan du tilsetje meir vatn. Er ho for flytande, har du i meir mjøl. Her må du rett og slett prøve deg litt fram.
Dette må du prøve
- Stikk fingrane ned i væska.
- Prøv å slå i væska med fingertuppane.
- Stikk handa raskt ned i bollen og løft ut ein bit på storleik med ein sprettball. Kna han som ein snøball heile tida.
- Hald handa med ballen i ro over bollen. Kva skjer no?
Kva er det som skjer?
Ei væske kan vere tjukk og flyte treigt som honning, eller vera tyntflytande som vatn. Temperaturen i rommet kan også påverke væska til å bli meir eller mindre tjuktflytande, tenk berre på varmt og kaldt smør. Nokre væsker blir faktisk faste om me rører på dei. Slike væsker kallar me ikkje-newtonsk væske.
I ikkje-newtonske væsker glir dei lange molekyla lett forbi kvarandre dersom du rører forsiktig i væska. Men når du rører raskt, knar, slår eller går på ho, flettar molekyla seg inn i kvarandre og gjer væska hard.
Tips!
Om du vil oppleve skikkeleg magi, kan du gonge opp oppskrifta mange gonger, og fylle eit stort kar med ikkje-newtonsk-væske. Då kan du faktisk gå på væska – nesten som å gå på vatnet – om du går absolutt heile tida. For om du stoppar å gå, søkk du rett ned!
Kjelde: Sandra Dybos/ViteMeir
Dette er det andre av fire eksperiment du kan prøva heime. Søk på leik og lær så får du opp dei andre.