nyhende
Slik kan du byte ut plast med ull i hagen
Nedklassifisert saueull inneheld mykje uutnytta gull. Visste du til dømes at du kan gjødsle og drenere jorda med ull, eller at ull heldt rådyra borte? Snart kan du også plante norskproduserte potter av saueull rett i jorda.
– Me brukar ull frå alt frå spælsau og villsau til grå trøndersau, og ønskjer å bidra til å auke verdien på nedklassifisert ull. Då kan også bonden få meir betalt, seier ullgründer Mathias Hoel i Osen.
Kvart år blir det samla inn rundt 3.700 tonn ull frå norske sauer, men berre den aller finaste ulla blir nytta i tekstilindustrien. Det er ikkje berre dårleg butikk for bonden, men også svært dårleg utnytting av ein verdifull ressurs, meiner Hoel.
I 2021 sette Hoel og kollegaene i verksemda Woolero difor opp Noregs første fabrikk for organisk gjødsel basert på saueull. Ullpelletsen dei produserer kan anten leggjast rundt røter eller frø for å tilføre fukt og næring og stimulere mikrolivet i jorda, eller i botnen av potter og pallekarmar for å drenere vatn.
Potter av (g)ull
Det tok likevel ikkje lang tid før gründerane forstod at potensialet i ulla var mykje større. Etter å ha forska seg fram, har dei no utvikla eit komposterbart og næringsrikt materiale dei meiner kan erstatte både plast og torv i hagen.
Av stoffet støyper dei nedbrytbare plantepotter og trevern. Pottene kan setjast rett i jorda og går i oppløysing av seg sjølv. Det gjer også det pustande trevernet, som beskyttar stammen på nyplanta busker og tre.
Over sommaren skal dei teste produkta saman med Mester Grønn, Skogplanter Midt-Norge og fleire lokale gartneri, fortel dagleg leiar Mathias Hoel:
– Me håpar å bevise at pottene kan utkonkurrere eingongspotter av plast. I 2025 er målet å produsere og selje to millionar produkt i Noreg – og på sikt, fleire titals millionar til heile Europa.
Kassere eller klassifisere
Ambisjonane til gründerane i Trøndelag gjer forskar Lise Grøva i Norsk institutt for bioøkonomi (Nibio) optimistisk. Grøva har spesialkompetanse på sau og ull og har blant anna leia prosjektet Verdifull. Der såg Nibio og samarbeidspartnarane i Animalia (fagtenesta for ull) og Norsk senter for økologisk landbruk nettopp på kva for potensial som finst i all den unytta – og ofte pigmenterte ulla.
For der mange no spør etter kvit, førsteklasses ull, er til dømes grå, brun og svart ull frå gamle sauerasar så dårleg betalt at fleire bønder ofte kasserer ulla i staden for å få ho klassifisert. Samstundes aukar nettopp denne delen av sauer med pigmentert ull i Noreg.
– Ull er eit biologisk nedbrytbart materiale og har ulike kvalitetar. Den grove ulla er gjerne sterk og eignar seg til andre ting enn den tynne fine ulla. Ull har og gode gjødslings- og jordforbetringseigenskapar. Målet bør vera at ull kan erstatte ein god del av plasten som i dag blir nytta i hage- og landbruket, seier Grøva.
Oppå og i jorda
I Verdifull har dei difor mellom anna sett på kor lang tid det tek før ulla blir broten ned i jorda. Her har dei prøvd ut jorddukar av både vove og tova ull som eit alternativ til plastdekke, og lagt uarbeidd ull rett frå sauen oppå jorda som dekke. Dei har også grove ned og blanda ut ull i jorda som jordforbetrar.
Ein tradisjonell plastduk som til dømes blir nytta på jordbærplanter, er som regel bytt ut etter fire-fem år og endar som plastavfall. Slik er det ikkje med ull, forklarar Grøva:
– Ulla blir gradvis broten ned og slepp sakte næring ut i jorda. Utprøvingar syner faktisk at ull som er graven ned i jorda blir broten ned gjennom ein dyrkesesong. I tillegg til å hindre ugras, meiner vi å sjå at ull regulerer temperaturen i jorda, gjer ho luftigare og heldt på fukt.
Ulldukar og ullmatter
Nibio har også pressa plater av ull og trevirke til å leggje rundt tre og busker, som eit alternativ til bruk av plantevernmiddel.
– Ein kan og pakke inn planter og busker med ullduk, i staden for å bruke strie eller fiber. Når duken tek til å bli rufsete, kan han leve vidare som jorddekke eller blandast inn i komposten, seier Grøva.
Svenske Nelson Garden er blant dei som allereie sel ulldukar og ullmatter gjennom Felleskjøpet. Her er ulla meir langreist, fortel Elin Burén i Nelson Garden til Nynorsk pressekontor:
– Me brukar ull frå Polen, og det er også der mattene blir formpressa. Den einaste andre ingrediensen i mattene og dukane er vatn.
Billeg rådyrskremsel
Det er i det heile mange moglege bruksområde for eit naturmateriale som ull. Somme hevdar at ull beskyttar planter mot sniglar, fordi sniglane må bruke mykje meir slim for å greie å kome seg over fibera i ulla, som nesten fungerer som små mothakar.
Andre løftar fram lukta av sau i blomebedet som eit triks til å skremme rådyra frå å ete opp hagepryden.
Hild Mowinckel og ektemannen er blant dei som lenge har sverja til dette kjerringrådet i sin eigen private hage. For nokre år sidan laga dei difor ei avtale om å kjøpe nedklassifisert ull frå spælsau hos ein lokal bonde. Tidlegare destruerte bonden ulla, men no får han ein god pris for ei handfull feller i året.
I Mowinckel sitt hobbyføretak Økodyrk blir ulla omgjort til såkalla rådyr-repellent, som i røynda altså er fersk, ubehandla og ganske så illeluktande saueull pakka i posar.
– Om du legg ulla rundt plantene om våren, får dei garantert stå i fred. Me legg ull i kjøkkenhagen, og hengjer også opp ull i rådyrhøgde på greinene på frukt- og bærbusker. Lukta av ulla får rådyra til å rygge, og jo ferskare og feitare ulla er, jo betre er effekten, fortel Mowinckel, som også grev ned ull rett i beda og brukar ho som jordforbetrar.
Opp ein klasse
Årsaka til at så mykje ull ikkje når opp i førsteklasse, er mellom anna at ho er for grov og pigmentert, tova eller inneheldt for mykje vegetabilsk rusk.
I praksis gjeldt det om lag 40 prosent av all den norske ulla som blir samla inn. Det meiner Nibio-forskar Lise Grøva er altfor mykje. Eit anna mål i Verdifull-prosjektet var difor også å sjå på om det fanst grep ein kan ta for å få ulla som er vurdert som andreklasses, opp i første klasse.
– Det vil uansett alltid vera mykje ull som aldri når opp, og det viktigaste med prosjektet vårt er difor å auke verdiskapinga av den nedklassifiserte ulla. Ved å finne nye bruksområde, kan me både styrkje arbeidet til bonden og den sirkulære tankegangen. Før kasta dei jo aldri noko frå sauen.
Europeisk søppel
Til å byrje med henta gründerane i Woolero berre ull frå lokale bønder. I dag kjøper dei i tillegg noko nedklassifisert C2S-ull frå Norilia. Der det i fjor gjekk med mellom eitt og to tonn til produksjonen av ullpellets, reknar dei i år med å bruke mellom fem og ti tonn for å produsere dei komposterbare ullpottene.
– Me jobbar no med ei kraftig oppskalering av produksjonen og produkta våre. Allereie neste år reknar me med å bruke og behandle mellom 100 og 200 tonn nedklassifisert ull, seier Mathias Hoel.
Om verksemda skal nå produksjonsvoluma av ullpotter som dei ser for seg på sikt, må dei truleg opp i eit forbruk på mellom eitt og to tusen tonn ull i året. Dit er det enno langt fram:
– Akkurat no er fokuset å skalere og vidareutvikle produksjonen vår i Noreg. Men om alt går som planlagt dei neste åra, vil me sjå på moglegheita for å etablere liknande system også utanfor Noreg. Mange land slit med problematikk rundt overskotsull. Berre i Europa blir det samla kasta om lag 200.000 tonn ull kvart år.