nyhende

Slik gjer du sopphausten mykje tryggare

Sosiale media fløymer over av bugnande soppkorger. Mange plukkar med seg det dei finn og legg i same korga, men det er rett og slett risikosport. Plukk berre soppar du er heilt sikker på, dei andre legg du for seg og sjekkar med soppkontrollen. Då blir soppsesongen både trygg og triveleg.

Publisert Sist oppdatert

Sopp

  • Soppriket er eitt av dei største artsrika på jorda. Det er førebels registrert 154.000 artar. 9.000 av dei er påvist i Noreg. Forskarane trur det er mellom 2,3 og 3,8 millionar artar sopp i verda.
  • Sopp var tidlegare plassert i planteriket, men i 1969 blei dei skilt ut som eige naturrike. Soppen må nemleg livnære seg på organisk materiale, som for eksempel bakteriar, planter og dyr.
  • Soppsesongen med stor S går frå juli og til og med september, men det er mogleg å plukke matsopp heile året. Nokre artar er tidleg ute, medan andre kjem langt utpå hausten.
  • Soppen skal helst plukkast i tørt vêr, den er lite haldbar når den er våt.
  • Ved soppforgifting eller mistanke om dette, kontakt lege eller Giftinformasjonen, telefon 22 59 13 00

Kjelde: Norges sopp- og nyttevekstforbund

Nynorsk pressekontor har fått bli med soppsakkunnig og mykolog, Anders K. Wollan på sopptur i dei djupe skogar. Han har samla eit knippe vener og denne haustdagen i august blir det sanka både steinsopp, piggsopp, kantarell trompetsopp og eit par tre andre meir eller mindre kjente matsoppar. Det er få soppar denne mannen ikkje kan identifisere og han nølar ikkje med å kalle seg ein ekte soppnerd.

– Eg har mitt første soppminne frå eg var tre år gammal då far min og eg fann ein kongesjampinjong. Sidan den gong har eg vore lidenskapeleg oppteken av sopp og skaffa meg ei soppbok med ein gang eg var gammal nok til å kunne lese. Sidan har eg sanka og testa ut eit stor utval av soppar. Eg vil nok ikkje anbefale denne metoden for andre ungar. Start med å kjøpe deg ei oppdatert soppbok og allier deg med nokon som har erfaring. Så er det berre å komme seg ut i skogen, seier Wollan.

– Start med dei sikre

Dei fleste soppbøker og nettstader opererer med fem sikre soppar, men det er litt skilnad på kva for soppar dette er. Nokre stader er steinsopp og traktkantarell med i denne oversikta, medan dei andre stader er utelatne. (sjå oversikta lengre nede i saka)

– Det viktigaste er å byrje i det små og lære seg eit par sikre soppar som du er heilt sikker på. Det er ikkje nokon vits å kjøpe seg ei soppbok som reklamerer med at du skal lære deg 700 soppar i Norden. Byrjar du med dei fem sikre kan du neste år komme opp i 15 soppar du er heilt trygg på. Det er jo ikkje noko moro å berre plukke dei same kantarellane og piggsoppane kvart einaste år, seier soppsakkunnig, Anders Wollan.

Han oppfordrar også alle til å gå innom soppkontrollen med soppar dei ikkje er sikre på.

– Berre hugs å ha dei usikre soppane for seg sjølv, for då slepp du å kaste alt som er i korga, dersom du skulle ha tatt med deg noko giftig. Det finst også digitale soppkontrollar, og her er det viktig å ta gode bilete både ovanfrå og nedanfrå og gjerne snitte dei på midten slik at alt blir synleg, seier han.

Den gule kantarellen er lett å kjenne igjen og blir ofte kalla for «skogens gull». Den er også ein god sopp å begynne med dersom du er nybegynnar.

Ein hobby for livet

For ein soppsankar blir hausten aldri kjedeleg og spesielt når sommaren har vore våt, er det mykje å glede seg til. Det er også greitt å vite at det finst sopp i absolutt heile landet.

– Det lønnar seg faktisk å bu litt i grisgrendte strøk for der har du jo skogen ofte for deg sjølv og kan finne ditt heilt eige område. Det er mykje sopp i Oslo-området også, men veldig mange som plukkar. Det er viktig å memorere området du har funne soppen i, for då skjønnar du etter kvart kva for underlag og vegetasjon som finst i nærområdet, seier soppeksperten.

– Blir du aldri lei av sopp?

– Nei, dette er eit område du aldri blir ferdig utlært på. Og eg kjem til å halde fram med dette så lenge det er nye soppar eg kan identifisere og smake på, og det vil det alltid vere. Dessutan er eg veldig glad i å eksperimentere med sopp i matlaging og eg har eit stort lager med tørka sopp i kjellaren. Det som uroar meg er at vi ikkje er flinke nok til å ta vare på naturen vår og at soppen i mange område er i ferd med med å forsvinne. Flathogst er eg ikkje noko glad i, avsluttar soppnerden Anders.

Dei fem sikre soppane:

  • Kantarell: Kraftig gul farge, oppovervendt hatt med tydleg mønster langs undersida.
  • Bleik piggsopp: Kvit/beige «klumpete» topp med masse små, kvite piggar på undersida. Piggane fell av når du tar på dei.
  • Fåresopp: Gråkvit hatt, ofte med sprokken, ruglete mønster. Blir tydeleg sitrongul i kjøttet når du steiker den.
  • Matbleiksopp: Spiss hatt, kvit med hengande «skjel». Eldre eksemplar har svart blekkrand langs kanten. Dette må fjernast før du steiker.
  • Matriske: Gulrotfarga saft som piplar ut dersom du snittar eller bryt av ein bit.

Tidlegare var det ofte snakk om seks sikre soppar, men raudskrubben er dei siste åra tatt bort frå lista. Den er giftig om du ikkje steiker den godt nok. Ifølgje Norsk Soppforening er raudskrubben årsak til dei aller fleste førespurnadene til giftsentralen. Heldigvis fører ikkje denne gifta til meir enn kvalme og laus mage.

Kjelde: Norsk Soppforening

Powered by Labrador CMS