nyhende
Slik gjer du jula både grønare og billegare
Tenkjer du mest på miljøet eller vil du berre bruke minst mogleg pengar på jul? Her er 10 julegrøne tips alle kan ha glede av.
– Då eg samla opp avfallet mitt og såg kor mykje det vart, gjekk det opp for meg at eg openbert var ein del av problemet sjølv.
Kristine Ullaland frå Sunnfjord ler. Ho tok ei mastergrad i sosialantropologi i London i 2012 då ho la merke til all søpla som flaut i gatene. Grunna terrorfrykt var mange av søppelkassene blitt fjerna, og Kristine var av dei som sparte avfallet sitt i veska til ho fann ein eigna plass å kaste det. Slik vart ikkje berre hennar eigen avfallsmengde veldig synleg. Ho innsåg også snart at ho truleg kasta like mykje som resten av oss i løpet av eitt år.
427 kilo, ifølgje SSB.
Små kvardagsval, mindre søppel
I 2015 starta Ullaland difor bloggen Grønare kvardag, og året etter vart ho leiar av den norske Zero Waste-avdelinga som ho i dag driftar frå Bergen. Dei hjelper små og mellomstore bedrifter med å redusere avfallsmengda og kutte kostnader. Ein frisørsalong aleine har til dømes redusert den årlege mengda restavfall med 70 prosent; frå 3117 til 818 kilo. Samstundes auka dei mengda resirkulert avfall frå 153 til 1999 kilo.
– Det er alltid enklare å peike på alle andre, men når det gjeld berekraft, ligg svaret i ditt eige søppel. Samla betyr alle dei små vala vi tek i kvardagen mykje, seier ho.
Om du ønskjer deg ein berekraftig livsstil, tilrår Ullaland forbrukarane å satse på område dei er motivert for, og som dei trur dei kan gjennomføre – gjerne innanfor eit definert tidsrom. Slik sett kan kanskje tipsa hennar til ei grønare jul vere ein god plass å starte.
Kanskje du til og med blir overraska over kor enkelt det er og har lyst til å gjere meir, seier ho:
– Det vi gjer i kvardagen er det aller viktigaste. Samstundes er også jula ei høgtid for forbruk, der me slår rekordar år etter år. Men med trongare økonomi, kan ein også tenkje på ei grønare jul som ei meir økonomisk jul. Dette er difor like mykje veldig gode sparetips som absolutt alle kan ha glede av.
10 julegrøne tips
Lag ønskeliste: Nei, det er ikkje flaut å seie kva du ønskjer deg og treng sjølv om du er blitt vaksen. Det er verre å få ting som blir liggjande ubrukt i skåpet. Unngå også å gje gåver som ikkje blir brukt. Er du usikker, så få alltid med bytelapp.
Kjøp lokalt: Mange små verksemder slit med konkurransen frå dei store og langreiste selskapa. Kjøp gåver og det du treng til jul i form av varer eller tenester frå lokale tilbydarar.
Gi bort brukt: Resirkuler gåvene du har fått sjølv, men som du aldri brukar. Kjøp ubrukte «brukte» ting på Finn.no og andre marknadsplassar. Du kan også gje bort noko du sjølv har brukt og er glad i (ei god bok?) og gjere eit poeng av det med ei personleg helsing.
Alternativ innpakning: Bruk brukt gåvepapir, eller pynt opp avispapir, pappesker eller gråpapir med potettrykk. Du kan også pakke inn i glas eller i tekstilar, slik som eit fint sjal. Ifølgje Kristine er det heilt lov å be om å få emballasjen attende!
Lag sjølv: Heimelaga gåver er noko av det mest eksklusive du kan gje bort. Sy tøyposar eller handlenett, strikk sokkar eller lag syltetøy på fine glas – eller gje bort tenester frå eller opplevingar med deg.
Ta initiativ: Det er sjølvsagt flott om du vil droppe julegåvene heilt. Men hugs at det sjeldan er dei med dårlegast råd som vil foreslå noko slikt, og det er viktig at nokon andre tek initiativet.
Bring naturen inn: Det blir mykje julestemning av vintergrønt, kongler og rognebær frå skogen med eit sløyfeband rundt. Julepynt av tørka eple-og appelsinskiver eller pynta peparkaker med snor i er også vakkert. Stearinlys kan du støype sjølv av lysstubbar du har samla opp, og det er også ein fin familieaktivitet.
Gammalt er gull: Er det heilt sikkert at du treng meir julestæsj? Følg i så fall lista du har skrive, og ikkje kjøp på impuls. Leit på loftet og i bruktbutikkar etter gamle vintageskattar i form av julekuler og messingstakar og brett og klipp julepynt sjølv av gammalt gåvepapir.
Alltid mett: Matsvinnet er enormt i jula. Planlegg kva du skal ha når og skriv liste før du handlar. Blir det likevel restemat, finst det mange nettstader med tips om korleis du brukar opp restane til nye og spennande rettar. Det du ikkje får brukt med ei gong, legg du i frysaren og merkar det godt.
Bytt kjole: Kvar av oss har i snitt 350 klesplagg kvar i skåpet. Mest sannsynleg har du også noko fint du kan ha på deg i juledagane. Ta ein skikkeleg runde i skapa og sjekk! Må du handle, hugs at den psykologiske verdien av eit plagg søkk med mellom 25 og 50 prosent straks det kjem i hus. Det gjer at det er mykje billeg å få kjøpt på bruktmarknadsplassane. Alternativt kan du kanskje byttelåne klede med nokon du kjenner?