nyhende
Slik gjekk det føre seg då Lid skule blei nedlagt
Hausten 2013 blei det bestemt at Lid skule skulle leggjast ned med verknad frå neste skuleår. Vestavind har blitt oppmoda til å publisera tilbakeblikk frå denne saka, der Auklandshamn skule også kunne blitt nedlagt. Sakene under er funne i arkivet og startar hausten 2012, og sluttar hausten 2013. Sak frå kommunestyremøtet der avgjerda blei tatt, står til sist. Lesarinnlegg er ikkje tatt med.
Vestavind, 25. oktober 2012:
Skulestruktur: Vil vita meir om verknadar
Det blir ikkje utgreiing om nedlegging av verken Lid eller Auklandshamn dei nærmaste vekene. Ved å bruka tid på konsekvensutredning, kan politikarane forhåpentlegvis klara å gi rådmannen eit klarare signal på kva veg dei skal gå innan 1. april 2013. Nedtrapping av eigedomsskatt er utsett til 2014.
Tekst: Irene Flatnes Haldin
redaksjonen@vestavind-sveio.no
Rådmann Bjarne Aksnes Martinsen har fått signal frå formannskapet at han kan utarbeida sak om nedlegging av to av dei tre minste skulane i Sveio, Lid og Auklandshamn. Det var kommunestyret ueinige i.
Bakgrunnen er at kommunen kan spara mange pengar, estimert 5-6 millionar årleg, ved å leggja ned skulane Lid og Auklandshamn, som ved skulestart i år hadde til saman har 74 elevar. Begge skulane er tre-delte, der fleire årsklassar dannar eitt trinn, til dømes 5.-7. klasse.
Rådmannen har estimert med innsparingar i det strame budsjettet for neste år, men har nå fått i oppdrag om å greia ut for kva ringverknadar nedlegging av skular, i bygdene Valestrand, Auklandshamn og Lid kan gi.
Skatt og rapportar
Politikarane stod i det store samla i synet om ikkje å gjera kort prosess på småskulane. Dei hadde ein god diskusjon om temaet på måndag, der forskjellege meiningar kom fram.
Mindretalet var for å la rådmannen gå i gong med utgreiing om nedlegging.
Diskusjonar om kva rolle eigedomsskatten hadde i det heile, og om ein skulle bruka meir pengar på rapportar var eit gjengangartema.
Framlegg frå FrP
Senterpartiet, ved Beathe Haugland la fram forslag om utsetjing av saka til neste kommunestyreperiode. Forslaget fall.
Hege Steindal representerer Sosialistisk Venstreparti og Miljøpartiet dei grøne, og uttrykte skepsis til kvaliteten i småskulane. Ho meinte at sak om skulestruktur var godt modna, og viste til rapport Læring i Sentrum, men ville halda Valestrand oppvekstsenter ute denne omgangen.
Thomas Brekke (FrP) la eit framlegg i bordet, som gjekk ut på ikkje å estimera med nedlegging i neste års budsjett, men heller bruka tid på å gjennomføra konsekvensutgreiing for å sjå på ringverknader av endring av skulestruktur i kommunen.
Målet med utgreiinga er å identifisera kompenserande og forsterkande tiltak for dei berørte bygdene ved ei eventuell skulenedlegging. Utgreiinga skal vera klar til politisk behandling i hovudutval oppvekst og kultur innan 1. april 2013.
Likeeins skal nedtrappingsplanen av eigedomsskatt, som opphavleg skulle i gong frå neste år, utsetjast til 2014, og såleis skal midlar frå eigedomsskatten finansiera konsekvensutgreiinga.
Koalisjonen Høgre, FrP og KrF utgjer 15 representantar, og står som regel samla i saker som blir lagt fram i kommunestyret. Totalt 18 støtta framlegget til Brekke, etter meiningsutvekslingar på talarstolen, og fleire gruppemøter.
Utdrag frå talarstolen– Barna sitt beste bør vera grunnleggande. Her er det økonomiske motiv framføre ungane sitt omsyn. Dei har rett til eit skulemiljø nær heimen. Jofrid Valen (Sp) – Ein må ha meir enn ein tanke i hovudet, ikkje berre økonomi. Fleire utgreiingar vil ikkje endra meiningane våre, og me må ha elevane i fokus, sjølv om me er ueinige. Hege Steindal (SV/MDG) – Me vil oppretthalda eigedomsskatt for å gi gode inntekter og tilbod. Det er uansvarleg, og sløsing med pengar med ny utredning. Kjell Gunnar Nymark (Ap) – Korleis kan me seia at det finst lite pengar til skule, når Vikse skule nett har fått 30 millionar? Jarle Møllerhaug (Sp) – Det er vårt ansvar at konsekvensane er forsvarlege, men det er ikkje sikkert at geografi er til barna sitt beste. Me må gi maks læring for kvar krone. Rune Teikari, (Frp) – Det er rett å stoppa saka nå, og me kan få belyst uavklarte ting. Ein må sjå skular og bygder i heilheit. John Kristian Økland (H) – Småskular er viktige for kommunen. Eit skulemiljø gir levande bygder. Geir Malvin Bården (Ap) – I følgje Statistisk sentralbyrå, vil Sveio har ein prosentvis folkevekst på 75% innan 2040. Kva tid er skulane på Sveio og Vikse for små? Arild Frøkedal (H) |
Foreldre vil ha skulaneFAU ved Auklandshamn og Lid skule pustar på ingen måte letta ut over vedtaket, sjølv om vedtaket kunne vore verre. Ein ny, og enda tøffare kamp ventar etter jul. Anne-Beth N. Økland og Grethe Apeland kjempar saman for kvar sine grendaskular. Saman med andre FAU-medlemer har dei gjort grundige undersøkingar, der alle foreldre har blitt spurt kva FAU skal jobba for. Også dei som har skuleungar til neste år. Fleirtalet vil behalda skulane. – 9 av ti foreldre ved Lid skule vil behalda skulen. Resten vil ikkje legga skulen død, dei orkar berre ikkje denne kampen ein gong til, fortel Apeland. Dei to er ikkje i tvil om at økonomien i kommunen ikkje er sunn, men finn det ikkje rett at det er skulesektoren som må lida for dette, då det viser seg at skulane i stor grad held seg innafor budsjettrammene. – Saka har feil fokus, det er mykje snakk om økonomi og pengar, meiner foreldra. Å flytta elevar frå Lid til Sveio, og elevar frå Auklandshamn til Førde vil nødvendigvis ikkje seia at det er betre læring på store skular. – Eg er ikkje einig i at det er dårlegare læringsutbytte på tre-delte skular, som det blei nemnd i møtet i dag. Dei nasjonale prøvane gir gode resultat, også på grendaskulane, seier Økland, og påpeiker at store klassar har utfordringar med bråk og støy. Lang skuleveg for små elevar, særleg vinterstid, er heller ikkje noko foreldra ser seg syn med. – Skal foreldra setja av ungane sine ved busstopp, og håpa på at bussen kanskje kjem, i mørkt vintervêr? undrar dei to som er einige om at i levande bygder treng skular. |
Vestavind, 24. januar 2013:
Kva skjer om skulen blir borte?
I neste veke inviterer rådmannen til bygdemøte i tre krinsar. Framtida til bygdene skal diskuterast – kva skjer om skulen blir borte? Eit vedtak i kommunestyret frå oktober 2012 slår fast at ei konsekvensutgreiing ved eventuell nedlegging av skulane på Lid, Auklandshamn og Valestrand skal gjennomførast. Konsulentfirmaet Agenda Kaupang skal utføra arbeidet, til ein sum av 182.000 kroner eksklusive meirverdiavgift. Rapporten frå arbeidet til Agenda Kaupang skal vera klar for høyring 20. februar, og skal presenterast for hovudutval oppvekst kultur i midten av april. Både elevråd og FAU ved skulane skal intervju og drøfting. Auklandshamn skule er først ut på måndag, deretter følgjer Lid skule og Valestrand Oppvekstsenter tysdag og onsdag.
Vestavind, 21. mars 2013
Konsekvensar på høyring
Lokalsamfunna rundt Valestrand, Auklandshamn og Lid skule trur at dei vil trivast betre med ein lokal skule. Vil folketalet i bygda vil synka utan skule, og kva med samhaldet i bygda – vil det bestå? Konsekvensrapporten som kan gi på nokre av desse spørsmåla er klar.
Tekst: Irene Flatnes Haldin
redaksjonen@vestavind-sveio.no
Om mindre enn to månadar får me vita om det blir ein ny debatt rundt skulenedlegging. I mellomtida skal hovudutval, formannskap og kommunestyret tyggja på ein konsekvensrapport som tar føre seg kva som kan skje med samfunnet om ein tar bort grunnskulane i Auklandshamn, Valestrand og Lid. Mange har fått sagt sitt i det som nå er eit høyringsutkast. Elevråd, administrasjon, FAU – ja tre bygder har tatt del med sine tankar kring ei eventuell nedlegging.
Økonomiske vurderingar ligg til grunn for saka. Det skulefaglege og pedagogiske har ikkje blitt vurdert i prosessen. Rapporten som nå er jobba fram av Agenda Kaupang er på 33 sider, og tar føre seg eksisterande skulestruktur, situasjonen i bygdene, konsekvensar og tiltak, og til deira vurdering. Den mest negative effekten av nedlegging, er at fleire elevar må skyssast over lengre tid. På ei anna side får elevane mulegheit til å ta del i eit større miljø, som har samansetning med både skule og fritid. Dette skuleåret er det frå 33-42 elevar ved skulane.
Vil bygda døy?
Rapporten peiker på at både Auklandshamn og Valestrand har kvalitetar som er viktig i konkurranse om etablering av familiar. Levande foreiningsliv og mykje dugnadsand blir trekt fram. På 30 minuttar kan ein pendla til attraktive arbeidsmarknadar. «Vi tror at både Auklandshamn og Valestrand har gode forutsetninger til å forbli tette lokalsamfunn etter at skolen eventuelt legges ned, selv om dårlig veistandard til/fra Auklandshamn er en hemsko» står det i rapporten. Bygdene innafor Lidkrinsen får òg gode prognonsar om 1.-7. skulen blir lagt ned. Lid blir omtalt som ein krins med forstadspreg. Det er kort avstand til skulen i Sveio sentrum, der mykje skjer, som er ein viktig kvalitet for folk som skal busetja seg, i tillegg til nærleik til Haugesund. Tidlegare forsking og innspel frå folkemøte i kommunen, viser at tilgang på gode vegar og attraktive tomter/bustadar er avgjerande. Særs er betre vegar til og frå Auklandshamn viktig, men denne vegen er fylkesveg, og ikkje opp til kommunen å kompensera for.
Oppvekstsenter
I tillegg til å gjera eigne undersøkingar, blir det referert til tidlegare rapportar. I ein dansk rapport frå 2004, der 30 innbyggjarar bygder har blitt intervjua etter nedlegging, viser det seg at utviklinga er ulik etter nedlegging. Dette kan delast inn i to grupper: bygdene som lever, og dei som tørkar ut. Det kom an på korleis bygda fungerte før skulen blei lagt ned. At foreiningsliv stagnerast ved at aktivitetar blir flytta til dei nye skulane, og at fleire vel barnehage utanfor bygda, kan på lengre sikt vera negative konsekvensar.
|
Tidlegare forskning Tidlegare forskning frå Noreg og Danmark viser nokre hovudtrekk som kan vera relevant for konsekvensanalysen. Det finst lite forskning som gjeld samfunnsmessige konsekvensar av nedlegging. Tendensen er at elevane ikkje blir påverka, og at det ikkje er nokon sterk samanheng mellom nedlegging av skular og utvikling i samfunnet. Elevane sine aktivitetar og trivsel Skulebyte blir ikkje oppfatta som særleg dramatisk av ungane. Trivselen blir marginalt dårlegare. Elevane er mest nøgde med dei nye venene, og er minst nøgd med skuleskyssen. Eldre ungar er meir positive til den nye skulen enn dei som er yngre. Aktivitetar blir flytta til den nye skulen. Foreldra er mindre positive til endringane enn ungane. Innbyggjartal og samhald i lokalsamfunnet Det er ingen sterk samanheng mellom skulenedlegging og utviklinga i lokalsamfunnet. Skulen er ein av mange faktorar som påverkar utviklinga i bygda. Innbyggjartalet, bustadprisane og tilflytting av barnefamiliar blir negativt påvirka av nedlegging av skular. Effekten er mykje større utanfor pendlingsomlandet til ein større by enn innafor. Samhaldet i bygda vil ofte fortsetja i bygder som har eit godt miljø før nedlegging. |
Vestavind, 18. april 2013:
Vil tenkja langsiktig
Innstillinga om å greia ut nedlegging for skulane Lid og Auklandshamn blir ståande frå rådmannen si side. Eit knapt fleirtal i hovudutval for oppvekst og kultur tenkjer langsiktig, og vil laga ein skulebruksplan over dei neste 15 åra – og ikkje byggja ned skulane på dette tidspunktet.
Tekst: Irene Flatnes Haldin
redaksjonen@vestavind-sveio.no
Saka blei måndag behandla i hovudutval oppvekst og kultur, som første av tre instansar. Utfallet blei i korte trekk at ein vil fokusera på den forventa auken i elevtalet dei neste 15 åra, i staden for å gjera noko med skulestrukturen nå.
– Rapporten til Agenda Kaupang seier at ein kan forventa at elevtalet aukar frå 750 til 1000 elevar dei neste 15 åra. Det er ikkje lenge til at me har for lite kapasitet i skulane. I staden for å bygga ned, vil me ta vare på den me har, og legga planar for kva tid, og kor, det må styrkast i framtida, seier John Kristian Økland (H) som la fram forslaget.
Med seg fekk han Olav Hovland (H), Synnøve Halleland (KrF) og Kjetil Aasen (Sp).
Vedtaket seier at ei arbeidsgruppe skal setjast ned, og at planen skal vera klar til handsaming første kvartal 2014.
Aukar med 80
Ein har oversikt seks år fram i tid, der auka er på 80 elevar. Til- og fråflytting kjem i tillegg.
– Seks år fram i tid kan me husa elevane, med justeringar på Sveio skule, opplyser kommunalsjef for oppvekst og kultur, Reidun Rødeseike.
Ho forklarer at ein skulebruksplan inneberer at ein lagar ein oversikt over standard og storleik på skuleanlegga og elevtalsutviklinga i kommunen over tid, og eventuelt peika på framtidige løysingar for skulestruktur.
Nedlegging av klassar
Elevane frå Lid-krinsen vil i tilfelle bli flytta til Sveio skule. Elevmassen, som i dag er på 35 elevar, fører til at det då kan bli oppretta ein til to nye klassar.
Blir Auklandshamn skule lagt ned, er det plass til elevane på Førde skule, sidan klassane der er små.
Rådmannen har sett opp eit estimat over innsparingane. Der er det tatt med meirkostnader knytt til skuleskyss, reduserte utgifter på bygg/vedlikehald, og at det opprettast ein ny klasse på Sveio skule. Rundt seks millionar kan bli spart, med full verknad frå skuleåret 2014.
Det er i dag 3 klassar på kvar av skulane, og i reknestykket er det tatt høgde for at ein ny klasse skal opprettast. I ein klasse kan det vera opp til 27-28 elevar før det blir snakk om deling.
Ein vil òg oppnå andre innsparingar knytt til spesialundervisning m.m.
Ein stor del av innsparingane kjem av at det blir færre tilsette på lønningslista, som i dag er på 15 tilsette.
Dei 15 stillingane på dei to skulane inkluderer lærarstab, assistentar og reinhald. Stillingsprosentane varierer, om lag halvparten er heile stillingar.
– Blir det utgreiing av ny sak, vil me eventuelt halda igjen på nye tilsettingar, slik at overflødige stillingar kan overførast til andre heimlar i kommunen, opplyser rådmannen.
Vidare saksgang
22. april er det formannskapet sin tur til å behandla saka, og 6. mai er det opp til kommunestyret å ta den endelege avgjerda. Blir rådmannen sitt framlegg til vedtak fremja på ny, vil kommunestyret i november ta eit endeleg realitetsvedtak angåande utgreiing av nedleggjing. Framdriftsplanen seier då at ein vil oppnå full effekt på innsparingane frå hausten 2014.
|
Høyringsuttalar
Det har kome fire høyringsuttalar til rapporten. FAU ved begge skulane har kritiske merknader til innhaldet i ulike delar av rapporten, særleg den danske forskinga det er referert til. Det blir og uttrykka bekymring for ulike forhold som kan oppstå, ved ei eventuell nedlegging. Ei gruppe tilsette ved Auklandshamn skule er opptekne av at bussturen til ungane ikkje skal bli negativ – om det blir flytting, og at det er ein god idé å ha ein assistent med på turen. Filadelfia Auklandshamn, som har om lag 150 samlingar, blei ikkje tatt med under omtalen av foreiningslivet i Auklandshamn, sjølv om kyrkjebygget er næraste nabo til skulen. Dei låner gymsalen ved skulen i snitt ein gong i veka. I uttalen er det knytt spenning til kva endring i skulestruktur vil ha å seia for barne- og ungdomsarbeidet som blir drive frå Filadelfia. Rådmannen tar med seg innspela i ein eventuell vidare skulestrukturprosess. Bakgrunn Politikarane i kommunestyret blei i september i fjor varsla om utfordringar knytt til skulestruktur, om lag fire månadar etter det blei vedteke å ta bort eigedomsskatten. Etter rådmannen sitt syn, kan ein ikkje tapa inntekter, og samtidig halda fram drifta av dei 3-delte skulane på same tida. Økonomien er for Sveio kommune like utfordrande som då saka først blei presentert hausten 2012. Kommunestyret bremste, og ville ha konsekvensutgreiing for bygdene. Ut i frå rapporten, som nå har vore ute på høyring, konkluderer rådmann Bjarne Aksnes Martinsen at bygdene vil bestå utan dramatiske konsekvensar utan skuletilbodet. |
Vestavind 25. april 2013:
Vil bestilla struktursak i år
Høgre, Kristeleg folkeparti og Framstegspartiet vil ha ei sak på bordet om skulestruktur i år – inkludert skuledelen av Valestrand oppvekstsenter. – Det er å bestilla eit slutnadsgrunnlag, ikkje å legga ned skular, seier Rune Teikari (FrP), som meiner å ta ansvar for kommunen sin økonomi.
Tekst: Irene Flatnes Haldin
redaksjonen@vestavind-sveio.no
Rune Teikari (FrP) synest at ein skulebruksplan for dei neste 15 åra, som hovudutvalet foreslår å laga, er god for å sikra optimal utvikling. I følgje FrP-aren treng ein ikkje å venta med å laga sak om nedlegging.
– Det er ei forsvarleg tilnærming å bestilla ei sak, der skuledelen av Valestrand Oppvekstsenter skal implementerast, meiner Teikari. Framlegget som fire av sju representantar var for, blei til vedtak. Kristeleg Folkeparti, Høgre og FrP stemte for dette, medan Senterpartiet og Venstre var ueinige. Senterpartiet støtta fagutvalet.
– Skulane rundt om er viktige. Skal Sveio vera slik den er, med tilflytting, er skular eit viktig bidrag, seier Geir Malvin Bårdsen, som meiner at det viktigaste er læring til ungane.
Mot fagutvalet
Fagutvalet for oppvekst og kultur har rådd til at ein bør venta med å laga sak på å leggja ned skulane Lid og Auklandshamn, og laga ein skulebruksplan for dei neste 15 åra, medan rådmannen vil laga sak i år. Noko av bakgrunnen for dette er at ein då kan leggja ned fem klassar, og på den måten spara pengar. Planen er at elevar frå Auklandshamn blir skyssa til Førde, der ein kan fylla på i klassane, medan elevane frå Lid skal til Sveio.
Blir det som rådmannen ser føre seg, kan Sveio bli minst to skular fattigare til skuleåret 2014/2015. Ein av dei store gevinstane er at ein legg ned seks klassar, og at det berre må opprettast inntil to nye.
Rådmannen svarar at det er mange element i saka i forhold til berekningane, som må gjerast greie for i ei eventuell sak, til dømes elevtal.
– Tala i sakspapira peiker på 0-2 til nye klassar, men ein ny klasse er mest sannsynleg, seier rådmannen, som seier at det vippar veldig om det blir utløyst behov for fleire klassar.
I sist veke skreiv Vestavind at om ein klasse var over 28 elevar, kunne det bli snakk om deling.
Dei gamle klassedelingreglane som var nedfelt i Opplæringslova, sa at ein skulle dela ein klasse om talet blei høgare enn 28 på barnesteget og 30 på ungdomssteget, er oppheva. «Regelen» er framleis i bruk, men er ikkje heimla i lovverket. Opplæringslova seier at gruppene/klassane skal ha ein storleik som er pedagogisk forsvarleg, kan kommunalsjef Reidun Rødeseike avklara.
– Gruppene skal vera pedagogisk forsvarlege, ofte er det arealet som set begrensningar, forklarar Rødeseike.
Ser ein på arealet på Sveio skule, er det rom for å husa ekstra klassar, men justeringar må til, i følgje rådmannen, som vil sjå på bygningsmassen om kommunestyret vel å bestilla ei sak på skulestruktur.
– Oppussingsbehov er òg naturleg å kartleggja, seier rådmann Bjarne Aksnes Martinsen.
|
Enorm vekst i aldersgruppa 0-5 år Den positive folkeveksten i Sveio er på ein stadig opptur. Per måndag denne veka, var det kome til 27 nye baby-sveibuar. 1. januar 2013 var folketalet blankt 5.400, ei vekst på 3,3 prosent sidan samanlikna med 1. januar 2012. Dei 3,3 prosenta tilsvarar 172 personar. Veksten er størst i aldersgruppa 0-5 år, der gruppa har stått for ein auke på heile 25 prosent dei tre siste åra. |
Vestavind 10. mai 2013:
Vedtak i saka om skulestruktur:To småskular skal vurderast nedlagt
Kommunestyret var så og seia todelt – men det skal lagast sak om å leggja ned småskulane Lid og Auklandshamn. Enkelte politikarar meiner at skulane ikkje får fred før dei er lagt ned.
Tekst: Irene Flatnes Haldin
redaksjonen@vestavind-sveio.no
Andre i salen fann det viktig å påpeika at ein med dette ikkje har tatt avgjerd om å leggja ned – men å førebu ei sak om nedlegging. Saka vil politikarane i hovudutval for oppvekst og kultur ta fatt i frå oktober. Realitetsvedtak vil skje i november. Valestrand oppvekstsenter blir halde utanfor lupa denne gongen.
– Skulen er ikkje nødvendig
Å behandla saka om skulestruktur tok tid då kommunestyret var samla måndag denne veka.
Finn Arthur Forstrøm frå Agenda Kaupang trekte fram hovudmomenta frå rapporten «Hva skjer hvis skolen blir borte». I følgje Forstrøm, vil det sannsynlegvis ikkje skje så mykje.
– Konklusjonen er at lokalsamfunnet er basis for skulane, ikkje omvendt. Det er store sjansar for å bevara samfunnet. Dei tre omtalte bygdene beskreiv seg sjølv som livskraftige. Skulen er ikkje nødvendig, men har innverknad, sa Forstrøm. Ein vil mista noko lokal tilknyting, og vil bruka meir tid på transport. Eitt alternativ som er belyst i rapporten, er å laga oppvekstsentre med barnehage, 1-4-skule og SFO.
– Dette vil gi ein marginal økonomisk besparing, meiner Forstrøm.
Mange var på talarstolen etter representanten frå Agenda Kaupang, for å få fram sine synspunkt og belysa moment som talte for og i mot
Sparte Valestrand
Etter to gode timar med deling av synspunkt, belysning av moment som tala i eine og andre retninga, var det tid for avstemming. Det er ikkje ofte det er einstemmig i slike avstemmingar, men dei 25 representantane var i mot å ta med Valestrand oppvekstsenter i saka. Svein Nesse (V) som fremja, rådmannen sitt vedtak, som blei vedteke med eit fleirtal på 14 stemmer: «Rådmannen bes utarbeida sak om nedlegging av skulane Lid og Auklandshamn».
Sagt under meiningsutvekslingaJarle Jacobsen (KrF): Jan Reinert Vestvik (Krf) Geir Malvin Bårdsen (Ap) Kjell Gunnar Nymark (Ap) Hege Steindal, Sv/Mdg Kjetil Aasen (Sp) Anfinn Økland (Krf) Rune Teikari (Frp) |
– Eit ansvar å vera folkevaldÅ jobba med skulestruktur handlar ikkje berre om økonomi. Det er mange følelsar knytt til temaet, noko ordføraren sjølv og hennar nærmaste har fått kjenna på. – Eg er ikkje lengre velkommen i Valestrand, sa ordføraren i førekant av skuledebatten, og oppfordra til å ikkje la seg styra av følelsar. Tekst: Irene Flatnes Haldin Ruth Grethe Ø. Eriksen gjekk opp på talarstolen då ordet var fritt. Med bakgrunn i hennar haldepunkt i saka om skulestruktur, sa ho rett ut at ho ikkje var velkommen i heimbygda Valestrand lengre. – Me har lov å ha meiningar utan å vera forfølgt eller trakassert. Me har alle lov å ha meiningar, som er likeverdige. Når politiske meiningar blir personlege angrep blir det vanskeleg. Eg er ikkje velkommen i Valestrand grunna mine meiningar. Kva med mine nærmaste, og min familie? Er det slik me vil ha det i Sveio? Må ein vera bygdepatriot for å bli tatt som innbyggjar i ei bygd? sa ordføraren, som har vore sveibu i 12 år, og er nå lei seg grunna trenden i kommunen. – Eg skal tenkja på heile kommunen. Ei enorm oppgåve. Det skal dei 24 andre òg, retta ordføraren til sine politiske kollegaer i salen. – Saka om skulestruktur handlar om å ha gode tenester til alle – unge, gamle, friske og sjuke. La oss få ein god politisk prosess – som tener både oss og sveibuen, oppfordra ordføraren før ordet var fritt. |
Vestavind 11. juli 2013:
Skulesaka er ute på høyring
Alle som har venta på høyringsdokumentet, kan nå finna det på nettsida til Sveio kommune. 18. september er siste frist for å koma med innspel.
Fire alternativ til endring av skulekrinsgrensene er vurdert. Alternativ A er å ha det slik det er i dag. Alternativ B er å flytta Auklandshamn-elevane til Førde, og elevane frå Lid til Sveio. Alternativ C er å flytta både Auklandshamn- og Lid-elevane til Førde, og det siste alternativet som er vurdert er å flytta Auklandshamn- og Lid-elevane til Sveio.
Per dags dato er det 757 elevar i Sveio kommune. Elevtalsstatistikken viser at det seks år fram i tid vil vera 35 fleire. På grunn av folkeveksten dei siste åra er det likevel naturleg å ta høgde for at elevtale kan auka endå meir, særleg i Sveio sentrum og Vikse spesielt.
Elevtalet på Lid og Auklandshamn er lågare enn det talet barn som høyrer til i krinsen på grunn av mange skulebytesaker. Elevtalet i Førde er forventa å gå ned.
I perioden 2009-2012 skjedde 82,5 prosent av bustadbygginga i krinsane Vikse og Sveio. Utviklinga er venta å halde fram i same takt i 2013 – 2018, men med eit løft for Valestrand-krinsen. Ein gjennomgang av kor mange ledige regulerte tomter det finst i Sveio, viser at alle krinsane er godt oppdekte. Valestrand har 33 regulerte tomter, Førde 35, Auklandshamn 28, Sveio 131, Lid 10 og Vikse 108. I tillegg eer det meir enn 100 tomter i uregulerte byggjeområde og LNF- spreidd i kvar krins.
Kapasiteten og standarden på skulebygga er også vurdert. Dei økonomiske forskjellane i dei ulike alternativa er vurderte, det same er pedagogiske og sosiale konsekvensar for elevane. Skyss, Sfo og konsekvensane for dei tilsette ved nedleggingar blir også sett på.
Høyringsfristen er sett til 18. september. Saka skal deretter opp i hovudutval for oppvekst og kultur den 14. oktober, til formannskapet 21. oktober og kommunestyret 4. november.
Det er rådmannen si vurdering at ei endring i skulestrukturen kan frigjera midlar som nå er bundne opp i ein kostbar skulestruktur. Ved å gå for alternativ C og D, vil over ein 5-årsperiode kunna frigjera mellom 24 og 26 millionar kroner.
Vestavind 31. oktober 2013:
Gjer seg klare til skulekamp
Auklandshamn vil behalda skulen. Lid kjempar for kortast mogleg skuleveg. Saman går dei i fakkeltog til kommunestyret 4. november.
Tekst og foto: Magnhild C.H. Steinsland
redaksjonen@vestavind-sveio.no
Medan Lid har innstilt seg på at det går mot skulebytte, står FAU i Auklandshamn på kravet om å behalda skulen i bygda.
– Rådmannen underkommuniserer eller neglisjerer negative konsekvenser ved nedlegging av Auklandshamn skule, og fremstiller dei teoretiske innsparingane som sannheter, seier Anne Beth Naustvik Økland leiar av Foreldreutvalet i Auklandshamn om saksframlegget til rådmannen.
Skuleskyss
I forkant av kommunestyret kommande måndag har dei tatt ein ringerunde til politikarane for å få fram sitt syn på saka. Særleg er dei redde for skyssa seksåringar i skulebuss på fylkesvegen frå Auklandshamn til Rød ved E39.
– Det er fleire ungdommar i bygda som i dag nyttar skuleskyss. Erfaringane frå dei som har teke bussen til Sveio skule har ikkje vore positive, seier nestleiar i FAU Auklandshamn Heidi Ljøen.
Miljø
FAU representantane vil ikkje seia noko om ynskje av alternativ skule dersom det blir nedlegging. Dei argumenterer mellom anna med at skulen er relativt ny, bygd i 1996, og at elevtalet er i vekst.
– Det er eit bra læringsmiljø på skulen, og elevane blir sett. Det vil ikkje bli det same om dei blir flytta til ein annan skule for å spara pengar, seier Økland.
Vil til Sveio
FAU ved Lid er opptekne av å sikra ei kort skulerute dersom skulen først blir lagt ned.
– Me har fokus på at me vil til Sveio ved ei eventuell nedlegging. Me trur ikkje Førde vil vera ei god løysing. Dette fordi reiseavstanden blir veldig lang. Dessutan veit ein ikkje kva veg skyssen vil ta. Det er det fylket som bestemmer. Viss det blir mjølkeruta rundt Ålfjorden kan avstanden for fleire elevar bli mellom 1,5 til 2 mil. Til samanlikning er det fire kilometer mellom Lid og Sveio skule, seier FAU-leiar Rune Hjelmeseter.
Lid viser også til rapporten som blei gjort av Agenda Kaupang under utgreiinga om skulestrukturen.
– Føresetnaden i konsekvensutgreiinga som Agenda Kaupang gjorde i vår, var at Lid skulle til Sveio, og at skuleskyssen var den mest negative faktoren. Difor krev vi at alternativet blir Sveio, som gjev kortast reisetid.
Vekker engasjement
I løpet av dei to siste rundane av saka har det vore usemje også innanfor partigrupper om kva som er den beste løysinga. Rådmann Bjarne Aksnes Martinsen har føreslått ei nedlegging av Lid og Auklandshamn, og overflytting av elevane til Førde. I hovudutvalet for oppvekst og kultur blei det stemt for eit forslag om at Auklandshamn skulle halda fram, medan Lid skule skulle bli vurdert for ei flytting til Sveio. Då saka gjekk vidare til formannskapet måndag i førre veke gjekk Høgre, Frp, KrF, MDGSV inn for rådmannen sitt forslag, medan AP og SP støtta forslaget frå hovudutvalet. Varaordførar Jarle Jacobsen var ein av medlemmane som gjekk inn for nedlegging i formannskapet.
– No har me lagt ned ei avdeling på SOS. I tillegg ligg me ann til å leggja ned to skular. Dette er naudsynt, det er ikkje noko som er kjekt å gjera. Men me som sitt i kommunestyret kan ikkje fråskriva oss eit økonomisk ansvar, seier Jacobsen.
Meiner KrF bryt valløftaFAU-leiar Anne Beth Økland etterlys meir støtte til grendaskulane. Etter at KrF stemde for nedlegging i formannskapet meiner FAU-leiaren at partiet bryt med valløfta frå førre kommune val. – Eg er skuffa over varaordføraren som frontar nedlegging. Under valet i 2011 gjekk KrF inn for å oppretthalda grendaskulane. Fleire stemte på KrF for å behalda skulane, no frontar han noko anna, seier Økland. Varaordførar Jarle Jacobsen meiner ein må sjå heilskapen i partiprogrammet, og vil ikkje kommentera utsegnet til Økland. Fleire parti har skifta meining i forhold til nedlegging frå saka var i hovudutvalet for oppvekst og kultur til behandlinga i formannskapet sist veke. – Det er få parti som kjem til vera samde i denne saka. Det er mange meiningar kring denne saka, seier Jacobsen. KrF-representanten meiner ei nedlegging er naudsynt for å ta grep om økonomien i kommunen. – Det er kjent at me har ei utfordring i forhold til vidare drift i kommunen. Dersom me ikkje gjer grep i skulestrukturen må me kutte i andre tenestar eller skru opp eigedomsskatten. |
Vestavind 7. november 2013:
Akjonerte med fakkeltogTekst: Kari Haukås I forkant av kommunestyretmøtet på mandag, held FAU medlem, Ruth Linda Årre, ein engasjert appell for bevaring av Auklandshamn skule. Skulen har per i dag 40 elevar og elevtalet er aukande. Årre trekte blant anna fram resultat frå Nasjonale prøvar som viser at Auklandshamn ligg over gjennomsnittet for kommunen. Miljøet er trygt og godt, og elevane trivst. – Men me er bekymra for at det blir fråflytting og færre som flyttar til bygda viss skulen blir lagt ned. Me er også redd for at butikken kan blir dratt med i dragsuget. Årre stilte spørsmålsteikn ved om kommunen vil spara pengar ved å leggja ned skulen, når erfaring frå andre plassar viser at innsparingane ikkje har blitt på langt nær det som kalkylane viste. FAU-representanten avslutta med ei oppfordring til politikarane: – Me veit det er mange omsyn å ta, men me vil be dykk om å hugsa på at den avgjerda de tek i kveld får store konsekvensar for ei heil bygd, og ikkje minst ungane våre. Til det kvitterte tilhøyrarskaren med å klappa i hendene. – Det er uttruleg kjekt at så mange engasjerer seg. Sjølv om eg er ikkje einig i alt som blei sagt, men ein del av det. Som politikarar har me eit ansvar for heile den kommunale drifta, og må sjå på heilskapen. Slike saker som dette er svært vanskelege, og det skal bli spennande kva som skjer i kveld, kommenterte ordførar Ruth G. Ø. Eriksen før kommunestyret. |
Skulen på Auklandshamn skal bestå
Med knappast mogleg fleirtal blei det bestemt at Lid-elevane flyttar til Sveio Skule, medan Auklandshamn elevane blir verande i bygda.
Tekst: Magnhild C.H. Steinsland
redaksjonen@vestavind-sveio.no
Ei stemme skilde fleirtalet frå mindretalet då saka blei vedteken i kommunestyret på måndag. Etter vel halvanna time med innspel og diskusjonar frå talarstolen gjekk politikarane til gruppemøte før skulesaka blei avgjort. Resultatet blei til slutt nedlegging av skulen på Lid og framhald av skulen i Auklandshamn.
– No har me fått igjen for den jobben som er gjort, seier FAU-leiar Anne Beth Naustvik Økland etter voteringa var gjennomført.
Vann fram
Saman med tidlegare leiar av FAU, Heidi Ljøen, jubla Økland for at resultatet enda med framhald av Auklandshamn.
– Me har jobba med dette sidan 2010. Då er det godt å få eit slikt resultat, seier Ljøen.
Dei er meiner engasjementet i bygda har vore med på å hindra ei nedlegging av skulen,
– Det har vore viktig for oss å få fram kva som er grunnen til at me vil behalda skulen. Me er nøgd med skulen og opplever den som ein god skule for elevane, seier Økland.
Usemje i partia
Rådmannen si innstilling i forkant av møtet talte for å leggja ned både Auklandshamn og Lid skule, og overføra elevane til Førde. Ifølgje innstillinga ville ei slik løysing spara kommunen for totalt 5.750.000 kroner i året. Debatten i kommunestyret bar preg av usemd på tvers av partigruppene. Håkon Skimmeland i Ap gjekk mellom anna i mot partikollegar i deira framlegg om oppretthalding av Auklandshamn og nedlegging av Lid.
Grunna usemja blei Arbeidarpartiet sitt framlegg endra til å gjelda representantane Geir Malvin Bårdsen (Ap), Jorunn Skåden (Ap) og Linn Therese Erve (AP) som la fram framlegget om oppretthalding av Auklandshamn skule og nedlegging av Lid skule frå og med skuleåret 2014/2015. Ifølgje framlegget som fekk fleirtal i kommunestyret skal elevane ved Lid overførast til Sveio. I samband med samanslåinga skal Sveio skule renoverast og byggjast ut. Vidare går det fram at «ressursar som følgjer av endring i skulestrukturen skal i stor grad tilførast Sveio skule. Overføring av dei tilsette skal skje i tett samarbeid med dei tillitsvalde og i samsvar med rutine for omstilling. Det skal utarbeidast plan for etterbruk av skulebygg». Framlegget blei vedteke med 13 mot 12 stemmer.