nyhende

Slik finn du fargane frå naturen

Dei finst framleis, dei som heldt tusen år gamle tradisjonar i hevd og kokar fram mjuke fargepalettar frå blomar, blad og røter. Dei tøffaste tissar til og med i gryta.

Publisert Sist oppdatert

– Blant vikingane var blått og raudt sett på som dei flottaste og mest sjeldne fargene. Det er til og med funne restar av vaid-frø til blåfarge i Osebergskipet, truleg slik at dei kongelege skulle få med seg blåfarga inn i dødsriket, seier kunst- og handverkslærar og forskar ved Oslomet, Eva Lutnæs.

At det å få fram blåfarga var ein prosess som kravde rause skvettar med stinkande kroppsvæske, skal me sjølvsagt koma attende til.

Akkurat no dreg Lutnæs handa gjennom ein ring med ullgarn i alle tenkjelege fargar. Det finst knapt det fargepigmentet du ikkje kan finne ute i naturen, seier ho:

– Dei kjemiske fargane kom på 1860-talet og gav mykje hardare fargar enn naturfargene. Heldigvis vart det tidleg starta ein skikkeleg redningsaksjon for å ta vare på oppskriftene som er blitt nytta i generasjonar her til lands – og som gjerne blir kalla den nordiske fargepaletten.

PÅ EI SNOR: Lutnæs nyttar både kortreiste farger og kortreist ullgarn.

Bløyting og beis

Både blomar, blad, røter, bork, lav og sopp inneheldt masse pigment, som kan hentast fram ved til dels enkel kjemi. Nøkkelen i fleire av fargeprosessane er å beise garnet først, forklarar Lutnæs.

Beising tyder rett og slett å legge vaska og ufarga garn i nær kokande vatn med eit metallsalt. Beisen gjer at garnet tek farge og toler vask betre. Den vanlegaste beisen til animalske fiber som ull er såkalla alun.

Det kvite ullgarnet som Lutnæs no straks skal legge i gryta, er forbeisa med dette usynlege aluminiumsulfatet. Garnet har også lege eit døgn i blaut for å få fibrane til å svelle og bli meir mottakelege for farge.

– Kva for beis du nyttar, påverkar sluttfargen på garnet. På same måte blir resultatet òg påverka av kvar planta har vakse, når ho blir hausta, koketida, koketemperaturen og reiskapen du brukar. Slik kan du i praksis få fleire ulike farger frå ei og same plante, fortel Lutnæs, som sjølv lærte fargekunsten av mormora, som var vevar.

Gul garanti

Som mormora, plar også Lutnæs å farge utomhus for å sikre rikeleg ventilasjon når ho jobbar. Men der mormora gjerne kokte på bål, plar Eva Lutnæs rigge seg til med kokeplater. Framom henne boblar det no i fire kjelar delt på to doble kokeplater. På den eine skal ho koke fram to ulike fargar av bjørkeblad. På den andre er det rota krapp som skal sette farge på garnet.

– Mormora mi var ikkje så veldig nøye med vekta på fargeemna ho kokte med. Ho hadde det i hovudet og eksperimenterte seg også fram. Sjølv følgjer eg oppskrift for å få den rette farga og ikkje å sløse når eg fargar med indigo, krapp og sopp, fortel Lutnæs.

GULT ER KULT: Nyfarga brodergarn av bjørkeblad.

Det er snart ti år sidan ho samla kunnskap og oppskrifter frå både mormora og andre tradisjonsberarar i boka «Plantefarging – farg garn med vekster fra naturen». Bjørkeblad er ei av dei – og eit fargeemne som alltid gir skikkeleg bra gulfarge, fortel Lutnæs entusiastisk medan ho løftar neve etter neve med blad frå låglandbjørk opp i ei av grytene.

– Bjørk har også fleire typar pigment. Av mellomborken kan me få fine gråtonar, medan knuste, unge greiner gir ei vakker ferskenfarge.

Kongle og kjuke

Om heile garnet skal få jamn farge, må ein aller først lage eit såkalla hespe, som ein knyter på minst tre plassar for å halde garnet samla. Knuten må ikkje vera for stram, for då fungerer knuten som maskeringsteip og lagar spettete garn. Ull toler heller ikkje brå temperaturendringar. Difor er det alltid viktig å ta garnet langsamt opp og ned i temperatur.

Ved sida av ull eignar både lin og silke seg godt til plantefarging. Dei tek alle farge noko forskjellig. Ulike fargeemne har også ulik koketid. Lav, kjuker, kongler og bork må til dømes bløytast først og deretter koke i tre–fire timar for å få ut fargestoffet, medan bjørkelauv gir frå seg all farga på ein halvtime.

Raude røter

Medan den eine garnhespa godgjer seg i bjørkevatnet, heller Lutnæs ei tjukk suppe med røter av maureplanta krapp i ein kjele på kokeplata ved sida av. Denne suppa består av oppskorne krapprøter som har svella i vatn i eit døgn. Vekta på røtene svarar til vekta på garnet:

– Krapp veks ikkje vilt i Noreg, men eg har ei plante i hagen min. Viltveksande stormaure gir forresten akkurat den same farga, du treng berre ein del fleire røter, fordi dei er tynnare, seier Lutnæs og legg det alunbeisa garnet oppi.

På nokre sekund får garnet eit rosa skjær.

TAM TRÅD: Bomullstrådane på hespene har ikkje teke farge slik som ullgarnet.

For å unngå for mykje rusk i garnet, ville Lutnæs vanlegvis ha sila ut både krapprøtene og bjørkeblada frå suppa før ho la i garnet. Men når ho no skal demonstrere kunsten for urøynde, har det likevel både ein viss pedagogisk og fotogen verdi å la planteemna bli liggjande under kokinga.

Skjønt koking – krapp skal faktisk ikkje koke i det heile, understrekar ho. Fargesuppa treng berre rundt 60 grader for å gje garnet den gjæve raudfarga. Når temperaturen når 70 grader, bikkar farga over i mursteinsraudt.

Naturleg fargeskrin

Blåbærlyng, islandsk lav, grønvier og pors – svært mange av plantene du ser rundt deg, skjuler fargar du kanskje ikkje ante at dei hadde. Visste du til dømes at blomane på reinfann kan gi ei gild, påskegul farge, medan blada gir sitrongult og røtene varmgult? Eller at slørskivesopp gir nyansar frå brunt til oransje og raudt, medan røsslyng byr på både gult og grått?

Det er nemleg ikkje slik at planter med dei mest iaugefallande fargene blir gode tekstilfargar. Farga frå raudbeten er kanskje den beste illustrasjonen. Den nydelege lillafarga forsvinn dessverre raskt i vask og bleiknar minst like fort i sollys.

Nypissa potteblå

Om du er på jakt etter naturlege lilla- og blåfarger, er det i det heile ganske lite å hente i norsk natur. For å få blåraude fargar tyr Eva Lutnæs difor til ei meksikansk kaktuslus som ho tørkar og knuser.

Skal ho ha blått, er det derimot den søreuropeiske planta vaid som gjeld. Vaid er blitt brukt til blåfarging i over to tusen år, og var den einaste veksten som gav blått før indigo kom frå India på 1500-talet.

Plantestoffet i vaid kan bli til indigoblått gjennom ein omfattande prosess. Etter å ha laga ei fargesuppe med salmiakk og piska inn oksygen for å få fram det blå, må ein fjerne oksygenet att for å kunne nytte botnfallet i blandinga til tekstilfarge.

FERDIG FARGA: To raudnyansar frå krapp, og grøn og gul frå bjørkeblad.

Før i tida var det urin som sytte for denne siste delen av prosessen. Soga seier at dei gylne dropane aller helst skulle haustast om morgonen – frå ein mann som hadde ete og drukke godt.

At farga blir kalla potteblå, er altså ikkje tilfeldig.

– Når urin gjærar, tek det bort alt oksygenet i vatnet. Garnet ser gult ut når du legg det i badet, men når du tek det opp oksiderer det og gjer farga blå, seier Lutnæs og ler godt:

– Viss ein ikkje er så glad i lukta av gjæra urin, kan ein også tilsetje salmiakk og kaustisk soda for å gjere blandinga basisk, og natriumdithionitt for å fjerne oksygenet.

SOLGULL: Nyfarga garn med blad frå låglandbjørk.

Magi på minuttet

I kjelen med bjørkeblad er det kvite garnet allereie blitt klart og sterkt gult. På plata ved sida av har Lutnæs difor varma opp ei ny kjele med reint vatn, som no får selskap av nokre oppmålte klyper med jernvitrol. Når pulveret er rørt ut, løftar Eva Lutnæs halvparten av det gule garnet frå bjørkekjelen over i gryta med jernvitrol.

Magien skjer rett framfor auga på oss medan Lutnæs dyttar garnet forsiktig rundt i gryta.

Ho lyser opp:

– Sjå, no har jernvitrolet brekt gulfarga over til mørkare grønt. Er det ikkje gøy?! Om me hadde nytta ein jernkjele, ville det gitt same effekten. Då er det berre viktig å hugse at du ikkje må nytte kjelar du har farga i til matlaging.

Powered by Labrador CMS