nyhende
Slik får du ei trygg jonsokfeiring
Brannvernforeningen åtvarar mot uvitig bålbrenning, og ber folk respektere forbodet mot å gjere opp eld nær skog og utmark.
– Det er ikkje fritt fram å tenne bål på jonsokaftan. Viss du planlegg jonsokbål, må dette meldast inn og søkjast løyve for hjå kommunen, seier administrerande direktør Rolf Søtorp i Brannvernforeningen i ei pressemelding.
Forbod
Frå 15. april til 15. september gjeld eit generelt forbod mot å gjere opp eld i eller nær skog og utmark. Det er likevel tillate å gjere opp eld der det openbert ikkje kan medføre brann. På skogbrannfarevarselet (met.no) finst oversikt over skogbrannfaren i tida framover. Ved høg skogbrannfare kan kommunar innføre ekstra forbod mot all bruk av open eld nær brennbar vegetasjon.
– Det er svært viktig at ein respekterer det generelle bålforbodet, følgjer med på skogbrannvarselet og gjer seg kjend med lokale føresegner, seier Søtorp.
20–20 regelen
Å gjere opp eld utandørs omfattar også bruk av eingongsgrillar. Uforsiktigheit med open eld kan medføre straffansvar og erstatningsansvar.
– Unngå for all del bruk av bensin eller andre brennbare væsker for å få fyr på bålet. Me har dessverre sett døme på at overdriven bruk av brennbar væske ved opptenning av bål kan føre til alvorlege personskadar, seier Søtorp i pressemeldinga.
Om nokon pådreg seg brannskade, bør skaden kjølast ned i cirka 20 graders vatn i 20 minutt. Ved alvorleg brannskade på personar må ein ringe 113 så snart som rad.
A-B-C for bålbrenning
Før du set i gang, sjekk kva reglar som gjeld i kommunen din, skogbrannvarselet til Yr og ta omsyn til vindforhold.
Sørg for å ha tilstrekkeleg med sløkkjemiddel tilgjengeleg før du tenner opp.
Det bør vere ein vaksen, edru person som er ansvarleg for bålet.
Den som er ansvarleg for å tenne bålet, er også ansvarleg for å sløkkje det.
Ha god avstand til bygningar og brennbart materiale.
Bålbrenning på fjell og svaberg kan føre til skadar på fjellet og er ikkje lov.
Det er forbode å brenne plast og anna søppel.
Bålet skal vere heilt sløkt før du forlèt det.