nyhende

Sveio omsorgssenter.
Sveio omsorgssenter.

Slik er retningslinjene for besøk på omsorgssenteret

Sveio omsorgssenter har laga retningslinjer for å førebyggja koronasmitte, i tråd med anbefalingar frå Helsedirektoratet.

Publisert Sist oppdatert

Jula er ei tid for nærleik og tid saman med våre nære og kjære. Me vil at alle skal få feira jul og ha tid saman òg i år, men på ein god og forsvarleg måte, skriv Sveio kommune på nettstaden sin, følgd av desse retningslinjene for besøk på Sveio omsorgssenter:

  • Pårørande må kontakta aktuell avdeling i forkant for å avtala besøk (mellom kl. 10.00–15.00).
  • Besøkande må ta omsyn til pasientane og avdelinga sine daglege rutinar.
  • Smittevernreglar må følgast.
  • Besøkande må ringa når dei kjem til omsorgssenteret og vil bli opna for av personalet.
  • Det blir registrert kven som er på besøk av omsyn til smittesporing.
  • Besøk skal skje på pasienten sitt rom.
  • Dersom du er nærkontakt av nokon med kjent koronasmitte, eller er i karantene av anna grunn, skal du ikkje besøka omsorgssenteret.
  • Dersom du hostar, har feber eller har andre symptom på smittsam sjukdom, skal du ikkje besøka omsorgssenteret før du er frisk.
  • Om besøkande kjem frå område med høgt smittetrykk, ber me om at det blir brukt munnbind og hanskar (dette får ein utdelt når ein kjem).
  • Det blir lagt til rette for at pårørande kan ha digitalt møte via Meet.

Ved særskilde høve kan desse kriteria fråvikast etter individuell vurdering. Då må vakthavande sjukepleiar ved avdelinga der pasienten er først kontaktast pr. telefon, slik at nødvendige smitteverntiltak kan iverksettast ved besøket, blir det opplyst.

Powered by Labrador CMS