nyhende
Slik er løpet for vaksinering framover
Vaksinen mange har venta på er her, men Sveio kommune veit ikkje lenger enn to veker fram kor mykje vaksine som kjem kvar veke. Prognosen per no, er at alle over 85 år vil ha fått første dose i midten av februar.
Mange er klare for å ta vaksine mot covid-19. Det er Sveio kommune som har ansvar for å vaksinera, og har ressursar parat til å laga lister, kalla inn og organisera vaksinasjon av store mengder innbyggjarar.
Mange spør
– Me får vita kor mange glas med vaksine me får to veker fram i tid, denne informasjonen er sikker. Innkalling og vaksinering blir organisert ut i frå dette, og me føl nasjonale retningslinjer på prioriteringar, seier Tore Bøe Olsen, einingsleiar for helse og rehabilitering i Sveio kommune.
Det kjem ein del spørsmål og telefonar frå folk som lurer på kva tid det er deira tur.
– Det enkle svaret er at det er avhengig av kor mange vaksinedosar me får. Utover det er det vanskeleg å vita og planleggja vidare progresjon, seier Olsen.
Dei eldste har prioritet
Sjukeheimsbebuarar som ønskjer vaksinen har no fått første dose, likeeins 18 heimebuande over 85 år.
– Myndigheitene har opna opp for å bruka inntil 20 prosent av vaksinen til helsepersonell, det har me òg starta med, inntil vidare. Me gjer fortløpande vurderingar på om me skal halda fram slik.
No om dagen er det altså dei rundt 100 innbyggjarane over 85 år som er i fokus. Kommunen har oversikt over kven dei er, og kontaktinformasjon. Ut i frå dette blir det laga ringelister, for det er bestemt at denne gruppa skal bli oppringt.
Innan midten av februar
Det er ingen garanti for å få tak i personane, derfor oppmodar einingsleiaren pårørande til å følgja med, og sjekka om nokon eldre kan ha fått anrop frå Sveio kommune.
På trass av at dei har kome i ein situasjon der telefonnummeret til den dei ville ha tak i ikkje eksisterte, er han rimeleg trygg på at dei vil klara å fanga opp alle dei som ønskjer vaksinen.
– Dersom det er personar over 85 år som ikkje har blitt oppringt innan midten av februar, må dei gjerne ta kontakt, seier Olsen.
Einingsleiaren reknar med at ein vil vera ferdig å vaksinera denne gruppa innan midten av februar. Då vil ein ta fatt på neste prioriterte gruppe, som er dei mellom 75 og 84 år.
Lovar informasjon
Mange er opptatt av vaksinen, og Olsen lovar at kommunen gir ut informasjon så snart som råd, men det er utfordrande å informera korrekt. Mengden med opplysningar som kjem inn er stor, og blir gjerne diskvalifisert av ny informasjon kort tid etter.
– Me planlegg fortløpande på bakgrunn av siling og vurdering av all informasjon me får inn. Me vil gi ut informasjon når me veit det er sikkert, og så snart som mogleg.
Ellers er eit generelt råd å følgja med på Sveio kommune sin nettstad, der blir informasjon lagt ut fortløpande, så sant det er noko nytt å melda om.
Brikker på plass
Til no har opplegget med covid-19 vore omfattande og krevjande, men stadig kjem nye brikker på plass.
– Me er godt i gong, og arbeidet med vaksineringa har høgaste prioritet. Me har stor tru på å gjennomføra vaksineringa til alle som ønskjer, seier Olsen, som legg til at heile opplegget er basert på ein god og samla innsats frå mange tilsette i Sveio kommune.