nyhende

Arne Voll i Gjensidige har tal på kor mange båtar som er skada i Sveio denne sesongen.
Arne Voll i Gjensidige har tal på kor mange båtar som er skada i Sveio denne sesongen.

Slik enda båtsesongen i Sveio

Grunnstøytingar, påkøyringar og gjenstandar i sjøen står for dei fleste skadane på båt som er meldt inn til forsikringsselskapet Gjensidige denne sommaren.

Årets båtsesong går mot slutten, men alt no har Gjensidige aleine motteke 2700 skadar på fritidsbåtar og utbetalt nærare 135 millionar kroner. Gjennomsnittserstatninga er 50.000 kroner.

– Over halvparten av alle skadane kom frå båtar som havarerte. Skadane blir dominerte av grunnstøytingar der båtar har gått på eit undervasskjer, land eller køyrt på flytande gjenstandar i sjøen, seier Arne Voll, kommunikasjonssjef i Gjensidige i ei pressemelding.

Det har òg vore fleire kollisjonsskadar i samband med at ein legg til eller frå kai.

Vestland og Sveio

I Vestland har Gjensidige så langt i år registrert 470 skadar med utbetalingar på 30 millionar kroner. Snitterstatninga på desse skadane er 64 000 kroner. I desse tala er det òg nokre litt store skadar.

I Sveio har dei registrert åtte skadar og utbetalt 293 000 kroner.

Båt under vatn.

For bransjen totalt, så langt i år, kan det vera snakk om over 10 000 skadar med utbetalingar på rundt ein halv milliard kroner.

Hauststormane kjem

– Likevel har me denne sommaren opplevd at fleire og fleire får båtane skadd på grunn av «miljøforureining». Mange har fått store skadar etter samanstøytar med tømmerstokkar og treverk som har skadd skrog og motor. Andre har fått gamle garn, tau eller plast i propellen. Mykje av dette stammar frå menneske som bruker naturen og havet som avfallsplass, seier Voll.

Han oppfordrar alle til å visa varsemd på og ved sjøen. No nærmar hausten seg med stormskritt og mange har «mykje» lagra ute, ofte ved naust, strender og kaianlegg. Det einaste som er sikkert er at hauststormane kjem og med det – mykje vind og høge bølgjer. Då kan det ein har lagra ved sjøen, plutseleg hamna i sjøen, avsluttar kommunikasjonssjefen.

Powered by Labrador CMS