nyhende
Slik blir jul- og nyttårsgudstenestene i Sveio
Sjølv med strenge koronareglar blir det jul i kyrkja i år også, gudstenestane både i Sveio kyrkje og Valestrand blir streama rett heim.
Eikeland kapell og Førde kyrkje er teke ut av programmet på julaftan, i staden køyrer Valestrand og Sveio kyrkje doble gudstenester. Og den tradisjonelle gudstenesta i Valen kapell nyttårsdag er flytta til Førde. Dette er på grunn av strenge koronarestriksjonar.
Julaftan vil Sveio kyrkje også vera open nokre ettermiddagstimar utanom gudstenestene, slik at dei som ønskjer det kan ha ei stille stund før det oppsette programmet.
Blir «streama»
Alle julegudstenestene i Sveio blir «streama» på Sveiokyrkja si Facebook-side. Julegudstenestene er ved Arild Steinsland og Gisle Sørhus. Nyttårsaftan er det teologistudent Runar Larsen som som held preike i Sveio kyrkje, første nyttårsdag er han i Førde kyrkje.
Som kjent kan berre 50 delta på kvar gudsteneste etter gjeldande smittevernreglar. Du må difor melda deg på alle gudstenestene både jul- og i nyårshelga.
Meir informasjon om arrangementa i kyrkjene finn du her