nyhende

Terminlista er klar:

Brann - FKH blir gratis, men skal du ha med deg alle kampane i årets eliteserie krev TV2 399 kornar i månaden. FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Brann - FKH blir gratis, men skal du ha med deg alle kampane i årets eliteserie krev TV2 399 kornar i månaden.

Slik blir FKH-sesongen 2022

3. april sparkast eliteserien i gang for FK Haugesund, med heimekamp mot Sandefjord.

Publisert Sist oppdatert

Mange sveibuar følgjer FKH, og no er terminlista for Eliteserien 2022 klar. Den vart presentert av Norsk Toppfotball fredag føremiddag.

Fotball heile sommaren

Nytt av året er at det ikkje blir nokon sommarpause i Elitserien, men rundar kvar helg gjennom både juni og juli.

FKH sin første bortekamp blir spelt borte mot Vålerenga i Oslo. Andre heimekamp blir mot Strømsgodset 18. april.

«Fotballens nasjonaldag», 16. mai, ventar Odd på bortebane i Skien.

Begge lokaloppgjera i sommar

Begge lokaloppgjera mot Viking spelast i sommar. Heime 25. juni og på Viking stadion siste helga i juli.

Sesongen bli avslutta med bortekamp mot Sandefjord sundag 13. november.

Det er 14 av dei 30 kampane som har fått stadfesta dato førebels.

Sjå heile terminlista for Eliteseriesesongen 2022 her.

Powered by Labrador CMS