nyhende

Slik blæs du opp ein ballong utan å bruke pusten

Hald pusten! Med eddik og bakepulver lagar du CO2 og får ballongen til å blåse seg opp sjølv.

Publisert Sist oppdatert

Utstyr

  • Ei tom og rein flaske (0,5 l)
  • Ein ballong
  • Trakt
  • 2 dl eddik
  • 2 ms bakepulver

Framgangsmåte

Fyll eddik i den tomme flaska. Tre ballongen på trakta, og hell bakepulveret gjennom trakta og inn i ballongen. Fest ballongen over flasketuten medan du lèt delen med bakepulver henge ned. Løft opp ballongen slik at bakepulveret fell ned i flaska og landar i eddiken – og sjå ballongen blåse seg sakte opp!

Kva er det som skjer?

Det basiske bakepulveret reagerer med eddiksyra og dannar karbondioksidgass (CO2). Når gassmengda i flaska aukar, blæs ballongen seg opp.

Dette er det siste av fire eksperiment du kan prøva heime. Søk på leik og lær så får du opp dei andre.

Kjelde: Sandra Dybos/ViteMeir

Powered by Labrador CMS