nyhende
Det nye våpenet til legane:
Slik behandlar dei covid-19
Spesialdesigna medisinar er i ferd med å endre kampen mot covid-19 på sjukehusa i Noreg.
Han er overlege i infeksjonsmedisin ved Oslo universitetssjukehus (OUS) og ein av dei fremste ekspertane i Noreg på legemiddel mot covid-19.
På sjukehusa i Noreg er fleire av dei nye medisinane allereie i bruk.
To angrepsvinklar
Trøseid forklarer at legane angrip viruset frå to ulike vinklar.
– Når folk blir lagde inn på sjukehus med covid-19, så vil somme vere prega av virussjukdom, og så vil ganske mange vere prega av betennelsesreaksjonen viruset gir i kroppen. Det gjer at det er to hovudstrategiar vi følgjer. Den eine er antiviral behandling, den andre er betennelsesdempande behandling.
Børre Fevang er overlege ved Rikshospitalet, som har hatt behandlingsansvar for mange av dei sjukaste pasientane. Han seier valet av behandlingsstrategi avheng av kor langt sjukdommen har komme.
– Det er to ting som skjer, seier Fevang til NTB.
– Til å byrje med har du ein aktiv infeksjonsfase, der viruset formeirar seg, og det kan vere viktig å gi antivirale middel. Så går sjukdommen på eit tidspunkt over i ein betennelsesfase, der immunsystemet ofte skyt over mål.
Betennelsesdempande medisinar
I betennelsesfasen er målet å dempe overaktiveringa av immunsystemet.
Her har legane funne fleire legemiddel som ser ut til å verke:
• Deksametason: Dette er eit kortisonpreparat som har vore i bruk i mange år mot ei rekkje betennelsestilstandar, autoimmune sjukdommar og kreft. Legane oppdaga allereie i 2020 at deksametason også såg ut til å redusere risikoen for død hos alvorleg sjuke pasientar med covid-19.
• Tocilizumab: Dette er eit immundempande legemiddel som har vorte brukt mot leddgikt. Tocilizumab blir gitt intravenøst til utvalde pasientar som er lagde inn på sjukehus med alvorleg covid-19.
Ifølgje Fevang blir tocilizumab oppfatta som eit smalare preparat enn deksametason.
– Deksametason gir ei brei demping av immunsystemet, men det har også ein del biverknader. Tocilizumab har i utgangspunktet mindre biverknader, samtidig som det har ein meir målretta effekt.
Trump-cocktail
Den andre behandlingsstrategien er å angripe sjølve viruset.
– Då har utgangspunktet vore at det er viktig å komme i gang veldig tidleg i forløpet viss det skal ha nokon effekt, seier Trøseid.
Då pandemien starta, stod legane på berr bakke. Men i dag har dei fleire nyvinningar frå legemiddelindustrien i arsenalet.
Ei slik nyvinning er såkalla monoklonale antistoff. Desse er designa spesifikt for å binde seg til piggproteinet til koronaviruset, slik at viruset ikkje kjem inn i cellene i kroppen.
Det kanskje mest kjende preparatet er Ronapreve, antistoffcocktailen som USAs dåverande president Donald Trump fekk då vart sjuk med covid-19 i oktober 2020.
Noreg har så langt fått minst 100 dosar av Trump-cocktailen. 400 dosar til skal leverast innan mars.
Tilgangen er med andre ord svært avgrensa. Men legane har tru på at monoklonale antistoff kan ha noko for seg når dei blir gitt på rett tidspunkt.
– Dette er ikkje tryllemedisinar, seier Fevang.
– Men vi har hatt nokre pasientar der vi klart oppfattar at dei har hatt effekt.
Jokeren omikron
Eit viktig usikkerheitsmoment er den nye virusvarianten omikron. Trøseid kallar omikron ein joker som i verste fall kan setje fleire av dei spesialdesigna medisinane ut av spel.
– Mange av antistoffa som har vore utvikla mot viruset, rettar seg mot dei delane av piggproteinet som dessverre er endra i omikronvarianten. Det gjer at ein er usikker på om desse antistoffa vil ha effekt på omikron, forklarer han.
Dette gjeld særleg Ronapreve.
– Det er sannsynleg at Ronapreve ikkje vil verke mot omikron, seier Trøseid.
– Derfor har Noreg bestilt ein ny type antistoff som heiter sotrivimab. Det har vi tru på at skal verke.
Piller
Ei anna nyvinning er dei såkalla koronapillene. Desse inneheld antiviralia som er meint å styrkje immunforsvaret.
Koronapillene enno ikkje i bruk i Noreg, men Helsedirektoratet har bestilt 41.000 dosar av Paxlovid frå Pfizer. I tillegg har Helsedirektoratet bestilt 8.640 behandlingar med koronapilla Lagevrio frå Merck, men denne pilla har uviss effekt og skal inntil vidare leggjast på lager.
Trøseid trur slike piller særleg vil vere aktuelle for pasientar som ikkje er innlagde på sjukehus, men som har høg risiko for å utvikle alvorleg sjukdom. Det kan vere eldre, folk med nedsett immunforsvar – eller folk som har valt å avstå frå vaksinen.
– Men det vil vere viktig å prioritere kven som skal ha dei, seier Trøseid.
Fevang er for sin del ikkje tvil om kva legemiddel som er dei mest effektive.
– Det er vaksinane, seier han.
– Eg tør ikkje tenkje på korleis dette hadde set ut utan vaksinane. Eg blir uvel berre ved tanken.
(NPK)