nyhende
Slettar unge medlemmer som ikkje er døypte
Ved nyttår vil Den norske kirke sletta alle barn som ikkje er døypte frå medlemsregisteret. Det gjeld 63 barn og unge i Sveio.
Barn som ikkje er døypte har til no blitt oppført som «tilhørige» i Den norske kirke dersom ein av dei føresette er medlem. Dette har kyrkjelova pålagt kyrkja å gjera. Ved nyttår blir lova endra, og 117 000 «tilhørige» barn vil bli sletta frå medlemsregisteret.
– Her i Sveio gjeld dette 63 barn og unge, der seks av dei er over 15 år. Me vil gjerne ha desse med oss vidare, men har forståing for at denne oppryddinga må koma. Skulle nokre av familiane framleis ønska å motta invitasjonar og informasjon frå kyrkja, er det sjølvsagt velkomne til å ta kontakt med oss, seier Ottar Krakk, kyrkjeverje i Sveio kyrkjelege fellesråd.
Dei berørte vil få eit brev i desse dagar.