nyhende
«Sleggo frå Sveio» kjempar om landslagsplass
Arne Martin Helland er ein av dei som er tatt ut til å kjempe om ein plass i troppen til U17-landslaget, som skal spele meisterskap i Danmark seinare i haust.
Noregs Volleyballforbund har tatt ein bruttotropp som 6.-10 oktober skal til ein såkalla precamp i Stavanger.
26 skal bli 12
I Stavanger skal 26 spelarar kjempe om å kome med i landslagstroppen på 12 spelarar som skal spele Nevza-U17, som i praksis er eit utvida nordisk meisterskap, helga 17.-19. oktober.
Eirik Roness er ein del av leiinga kring U17-landslaget. Han seier heile uttaket ikkje er offisielt enno, men stadfestar at Arne Martin Helland, eller «Sleggo frå Sveio» som han blir kalla av medspelarar, er tatt ut.
— Frykta Sveio-spelar
Roness er også ansvarleg for regionlag Aust i Noregs Volleyballforbund. Gjennom den rolla har han sett Helland herje for regionlag Vest, som Helland har spelt kampar for tidlegare i år.
Når Vestavind spør han bakgrunnen for uttaket av Helland, svarar Roness slik:
— Som regionansvarleg for regionlag Aust, kan eg seie såpass at han er ein frykta spelar frå Sveio. Han har god fysikk og ein kraftig venstrearm som han slår godt frå seg med, seier han.