nyhende
Slangen på gassgrillen din har datostempling
Det ser ut til å bli mykje fint vêr denne veka. Mange finn nok fram grillen, men anar ikkje at slangen på gassgrillen går ut på dato. Sjekk datoen snarast, oppmodar forsikringsselskapet If.
— Gasslangar har avgrensa levetid, og må bytast ut med jamne mellomrom. Sterk sol og store temperaturforandringar tærer på gummien, seier kommunikasjonssjef Sigmund Clementz i If i ei pressemelding.
Produksjonsåret står tydeleg merka på slangen, slik at du skal vite kor gammal han er. Ein god regel er å byte slange kvart andre eller tredje år, ifølgje forsikringsselskapet. Alle som startar grillsesongen bør rutinemessig sjekke slangen og koplingar nøye for sprekkar og lekkasjar.
— Dei fleste brannar og eksplosjonar ved grilling skjer når ein person bruker ein grill som ikkje har vore brukt på ei stund, eller rett etter påfylling og feste av gassbehaldaren på grillen, seier Clementz.
Finn eventuelle lekkasjar ved å pensle konsentrert såpevatn på slangar og røyrsamband. Når du set på gassen vil det danne seg såpebobler på lekkasjestaden.
Det eit finst likevel ikkje noko fasitsvar på haldbarheita til ei gasslange.