nyhende

Satsane for bøter i fritids- og småbåtsaker vil auke. Foto: Vidar Ruud / NTB / NPK
Satsane for bøter i fritids- og småbåtsaker vil auke.

Skyhøg auke i bøter i småbåtsaker – 5000 kroner for råkøyring

No blir bøtene drastisk heva i fritids- og småbåtsaker. Eit brot på fartsgrensene kan no koste deg 5000 kroner, 4500 kroner meir enn før.

Publisert Sist oppdatert

Så langt i år har 20 personar mista livet i ulykker med fritidsbåt. Over halvparten av dei hadde ikkje flyteutstyr, det viser tal frå Sjøfartsdirektoratet.

Regjeringa vil no auka bøtene i fritids- og småbåtsaker, skriv dei i ei pressemelding.

Justis- og beredskapsminister Astri Aas-Hansen (Ap) meiner høgare bøter vil gjere at færre bryt lova.

– Vi må sørgje for at det er trygt å ferdast til sjøs. Bøtesatsane for lovbrot til sjøs har vore mykje lågare enn dei i trafikken, og har vore på same nivå i mange år. Bøtene skal vere høge nok til å bidra til å førebyggje uvitig båtbruk, som i verste fall kan føre til at liv går tapt, seier justis- og beredskapsminister Astri Aas-Hansen (Ap).

Nokre av bøtene som aukar er satsane for personar som fører båt utan å oppfylle alders- og kvalifikasjonskrav eller lèt andre føre eigen båt utan å oppfylle desse krava. Dei har vore på 500 og 1.500 kroner og vil aukast til 5.000. For føring av båt som krev høgfartsbevis vil satsen auke til 7.500 kroner.

Brot på fartsgrensene har auka frå 1.500 til 5.000 kroner, og maksgrensa for fellesbot har auka frå 5.000 til 15.000 kroner.

Endringane har vore på høyring og Redningsselskapet, Sjøfartsdirektoratet, Kystvakta og Politiet gav positive svar til Justis- og beredskapsdepartementets forslag.

Botsatsane vil gjelde frå 1. januar 2026.

Powered by Labrador CMS