nyhende
Skulle fylle drivstoff – fekk vatn i tanken
Fleire sjåførar fekk seg litt anna drivstoff enn ynskja då dei fredag fylte på tanken på Shell-stasjonen Haukås. Nemleg vatn. Det førte til nokre motorstopp og tre bilbergingar.
Ei kvinne var på veg sørover gjennom Sveio med bilen sin fredag formiddag då ho merka at noko var gale med køyretøyet.
Nokre minuttar tidlegare hadde ho gjort eit kort stopp på bensinstasjonen på Haukås.
— Eg såg prisen på bensin og tenkte «der var det billig!», fortel kvinna som ønskjer å vere anonym til Vestavind.
Etter tanking, og på veg inn mot Sveio sentrum byrja bilen å humpa bortover.
— Då trudde eg eit augeblikk at den var punktert, seier ho.
«Her er ein til»
Ho fekk raskt parkert og tilkalla bergingsbil som kom etter halvanna time.
Etter å ha fortalt sjåføren av bergingsbilen om kva som hadde hendt, vart ho overraska over spørsmålet ho fekk.
— Han spurte meg om eg hadde fylt bensin på Haukås, seier kvinna.
Dette oppdraget var nemlig berre eit av tre oppdrag som Haugaland Bilberging måtte ut på i Sveio same dag.
Sjåfør Frank Olav Brekken henta to bilar, blant anna den omtalte i saken.
— Eg hadde allereie henta ein bil, og det første som slo meg når eg snakka med ho var at «her er ein til», seier Brekken.
Dårleg pakning på ny tank
Pressekontakt for St1 Lillian Aasheim, selskapet som eig og driv stasjonen, fortel til Vestavind at vatn på tanken skuldast pakningsfeil og mykje nedbør på kort tid.
— Dei har bytta alle tankene tidlegare. På fredag kom det ekstremt mykje nedbør og då viste det seg at det var noko gale med pakninga på ein av tankane, seier Aasheim.
Tankane er laga slik at ein alarm vil gå når det kjem vatn inn.
Ifylgje Aasheim vart fire bilar råka innan dei rakk å stenge tanken. Dei øvrige tankane fungerer fint, men vert også sjekka.