nyhende

Skuleveg utbetra for 10 millionar

Anleggsarbeidet på Vikse har pågått sidan september 2020. No er det berre siste finish som gjenstår.

Publisert Sist oppdatert

Vikse-prosjektet er nesten ferdig og vårsola skin i bakkane. Trioen frå hovudentreprenøren Vats Anlegg AS som me møtte fredag, har all grunn til å vera nøgde. Dei har verkeleg stått på, og fint har det blitt.

Av uforutsette ting undervegs, er det vinteren og tela i bakken maskinkøyrar Sondre Hamre Helgevold hugsar best.

– Det blei ikkje full stopp i arbeidet, men det blei svært tungvindt, fortel maskinkøyraren.

– Har de fått mange kommentarar frå folk som brukar vegen?

– I byrjinga var det mange som uttrykte glede over å få gangsti, men eg veit også om nokon som er litt irriterte på oss fordi dei meiner me har brukt lang tid. Men stort sett er det berre skryt å få, fortel Hermand Hansen, handmann og bas.

I følgje Vindafjord-trioen består sluttarbeidet no i å laga småvegar for bønder, molda skråningar, skru opp nye skilt og setja opp nokre sauegjerder.

– No er det berre prikken over i-en som manglar, fastslår Hansen.

Samarbeidsprosjekt

Gang- og sykkelvegen er eit samarbeidsprosjekt mellom Vestland fylkeskommune og Sveio kommune der dei tar 50 prosent av kostnadane kvar. Statens vegvesen hadde ambisjon om at bygginga av gang- og sykkelvegen skulle vore ferdig til nyttår.

Hovudpoenget var å sikra skulevegen, laga rundt 500 meter sykkel og gangsti frå Straumakrysset og til Vikse skule, og vatn- og avlaupsanlegg (VA) for Sveio kommune. Vats Anlegg har vore hovudentreprenør.

Skilta overgang

Ved området busshaldeplassen ved Vikse skule, er det laga til ein skilta overgang, slik at mjuke trafikantar kan kryssa fylkesvegen på ein trygg måte. Ved Straumakrysset er det etablert tilrettelagt kryssingpunkt for mjuke trafikantar i samband med busstoppa. Det er etablert gatelys på heile strekninga. Under gang- og sykkelvegen har Sveio kommune lagt ny vassleidning og pumpeleidning.

Krysset til Straumavegen har blitt flytta litt lengre nord på Gullvegen, og har dermed fått betre sikt og utforming. Det er etablert to kantstopp i kryssområdet, samt at garden som ligg i området har fått anlagt ny veg, ei strekkje på 70 meter.

– Kva har vore den største jobben?

– Arbeidet med VA-grøftene er den delen som krevde mest ressursar og er den arbeidsoperasjonen det er gått mest timar på, fortel prosjektleiar Bernt Herland i Statens vegvesen.

– Har det vore spesielle utfordringar undervegs?

– Når arbeidet pågår, på og langs eksisterande veg, er trafikkavvikling alltid krevjande. Den spesielle vinteren har vore ein stor utfordring for entreprenøren, opplyser prosjektleiaren.

Mest merkbart

– Kva er det som blir mest merkbart for bilistane?

– Det viktigaste er at borna kan sykla og gå trygt frå og til skulen/fritidsaktiviteter og ikkje treng å ta bussen. Bilistane har fått litt breiare veg som dei slepp å dela med mjuke trafikkantar. Gatelys og ny asfalt likar dei også, opplyser Herland.

Når det gjeld markering av sluttføringa er det ikkje avtalt noko enno. Ifølgje Herland håpar dei på ei felles markering med Sveio sentrum når koronapandemien roar seg.

Vegarbeidet i Sveiogata var klart til fellesferien i fjor, men markeringa som var planlagt blei avlyst.

Powered by Labrador CMS