nyhende

Skulestart er ein stor dag for både små og store

Torsdag 17. august er ein stor dag for både store og små. Då følgjer fleire foreldre barna sine til første skuledag. Me tok turen til ein av dei fem barneskulane i Sveio.

Publisert Sist oppdatert

– Det er ein rolig start i dag, seier Eldunn Sakseid.

Ho er lærar på Auklandshamn skule og har teke i mot dei tre nye førsteklassingane. Kring ho spring barn over leikeplassen.

– Dei har hatt samling inne, og no får dei vera ute og leika, seier Sakseid.

Is eller «cheese»?

Til saman med andreklasse er dei åtte barn. Det skapar tryggleik fortel ho.

– Fordelen er at alle barna kjenner nokon frå før. Det er masse spente ungar, det er slik det skal vera, seier Sakseid.

Rektor Camilla Fagerland Tverfjell har henta dei tre nye førsteklassingane for eit bilete. Ole Fagerland Tverfjell (6), Johannes Jacobsen Mokleiv (6) og Ovidia Sydnes Ekrheim (6) set seg saman på ein benk og smiler.

– Seier dykk «cheese» eller «is»?

– Is! svarar Ovidia.

Høgtidsdag

Også for Tverfjell er det ein stor dag.

– Første skuledag er som ein høgtidsdag, og kvardagen byrjar i morgon, humrar ho.

– Kor mange barn var tilbake på skulen i dag?

– 37 barn hadde skulestart, seier Tverfjell.

Alle på plass etter sommarferien

Dei fire andre grunnskulane hadde også skulestart etter sommarferien torsdag. Det inneber fleire hundretals elevar, heile 805 for å vera nøyaktig, som er fordelte slik:

  • Auklandshamn: 37 elevar
  • Førde: 81 elevar
  • Sveio: 523 elevar (271 på barneskule og 252 på ungdomskule)
  • Valestrand: 39 elevar
  • Vikse: 124 elevar

65 nye førsteklassingar

Elisabeth Nygaard som er kommunalsjef for skule og oppvekst, opplyser at det er 65 nye førsteklassingar fordelte på skulekrinsane.

  • Auklandshamn: 3 elevar
  • Førde: 12 elevar
  • Sveio: 31 elevar
  • Valestrand: 4 elevar
  • Vikse: 15 elevar

I vekene framover vil alle førsteklassane bli presenterte i avisa.

Powered by Labrador CMS