nyhende

Frå 1. juli vart det billigare å ta buss mellom Sveio og Haugesund.ILLUSTRASJONSFOTO: IRENE FLATNES HALDIN
Frå 1. juli vart det billigare å ta buss mellom Sveio og Haugesund.

Skulebussjåførane er i streik

Streika har omfattande konsekvensar for busstilbodet i heile fylket. I Sveio er alle ruter innstilt, også skulebussane som skulle gått måndag morgon.

Publisert Sist oppdatert

Busstreika i Vestland blei gjeldande frå laurdag 26. september klokka 05.00. Dette gjer at ingen av Skyss sine bussar køyrer som normalt, og reiseplanleggaren blir ikkje oppdatert med innstilte avgangar. 

Søndag kveld i 19.30-tida var Vestavind i kontakt med ressekontakt i Skyss/Kringom, Ingrid Dreyer, som stadfestar at det ikkje er nokon endring i saka. Alle bussar i Sveio vil vera innstilte i morgon også, dersom ikkje kontramelding kjem.

Det betyr at skuleelevar frå og med måndag morgon må belaga seg på å anten gå, sykla eller bli køyrd til skulen. Sveio kommune har tidlegare uttalt seg til Vestavind om korleis det vil bli i tilfelle streik, sjå lenka lengre opp.

For siste oppdateringar, kan ein følgja med på Skyss sin nettstad.

Powered by Labrador CMS