nyhende
Skule- og barnehagestart på gult nivå
– Mange må vera førebudde på at skulekvardagen blir litt annleis enn normalt, men det blir ikkje dei store endringane samanlikna med korleis det var før ferien, opplyser kommunalsjef for oppvekst og kultur, Solfrid Lier Habbestad.
Men noko blir merkbart ved skulestart, torsdag 13. august; på grunn av covid-19 vil den første skuledagen for 6-åringane bli på ein annan måte enn før. Kvar 6-åring kan ha to vaksne med seg inn i skulegarden til det første møtet med rektor og kontaktleiar. Skulane våre vil i all hovudsak så gå over til uteaktivitetar for 1. klassingane og då vil det vera høve for ein forelder å følgja opplegget noko på avstand. Rektor kjem heller ikkje til å helsa på elevane med eit handtrykk, men ha ein annan helsemåte i det første møtet med 6-åringen.
På gult nivå
Gult nivå i smittevernrettleiaren betyr at skular og barnehagar skal vera opne. Dette nivået var skulane og barnehagane på før ferien, og er framleis. Lier Habbestad er nokså viss på at slik må det bli i lang tid framover. Kanskje også tilbake til raudt nivå.
– Helsedirektoratet ber oss om å vera klare i fall me omgåande må gå over på raudt nivå, noko som betyr at me må over i mindre grupper, seier kommunalsjefen.
I koronatida har det vore nødvendig å snu seg fort rundt på hælen og følgja nye råd. Lier Habbestad rosar dei tilsette på skulane og barnehagane som sidan i vår har omorganisert drifta opp til fleire gonger.
Måndag denne veka blei det arrangert fagdag, med fokus på den nye læreplanen for alle tilsette i Sveio-skulen. I underkant av 200 personar deltok på nettmøtet.
– Fagdagen var planlagd i Vigdartun i vår, men blei utsett berre to-tre dagar før skulane blei stengt. Me kunne vore samla i idrettshallen denne veka, men me meinte det var rettast med nettmøte sidan ikkje alle smittetal går rette vegen i landet no, påpeikar Lier Habbestad.
Kohort-organisering
Det er dei same prinsippa som skal vidareførast. Ein skal framleis ha kohortar, men no er det skuleklassen, eller avdelinga i barnehagen som er ein kohort. Og ein skal prøva å blanda så lite som mogleg, og heller ikkje ha storsamlingar. Vidare skal ein som før ha fullt fokus på handhygiene og reinhald, og vera ute så mykje som mogleg utover hausten, det gjeld både skulane og barnehagane.
– Kohort-organiseringa er smart med tanke på smittesporing, det fekk me merka spesielt då me fekk den alarmen på Vikse skule. Heldigvis var det falsk alarm, men me fekk prøvd oss, seier kommunalsjefen.