nyhende
Skuldar på Sveio
Haugesund-politikarar frå FrP, SV og Rødt vil ha vedtaka om forlenging av Haugalandspakken til lovlegheitskontroll. Dei skuldar mellom anna på vedtaket i Sveio kommune sine to tilleggspunkt.
— Det er jo deira rett til å krevja lovlegheitskontroll, seier ordførar Linn Therese Erve (Ap).
Det seier ho til nyheita om at FrP, SV og Rødt i Haugesund ynskjer lovlegheitskontroll av bompengevedtak i Rogaland fylkesting. Det har Haugesunds Avis som først omtala saka.
Skuldar på Sveio
Svein Erik Indbjo er gruppeleiar for FrP i Haugesund, og saman med SV og Rødt legg han skulda på Sveio.
— Sveio kommunestyre sine to tilleggspunkt i saka om vidareføring av innkrevjinga i Haugalandspakken, gjer at saka må kjennast ugyldig, seier Indbjo til Haugesunds Avis.
Tilleggspunkta vart røysta gjennom på kommunestyremøte i Sveio den 20. februar, kor det mellom anna heiter:
«Punkt 2. Kommunestyret forventar eit vesentleg bidrag til Fv. 47 og ber om at kryss på Ekrene blir prioritert først med 30 millionar kroner, dernest nordre kryss til Sveio sentrum med 20 millionar kroner.»
Bakgrunnen for at dei meiner vedtaket er ugyldig, er at Stortinget skal handsama forlenginga. Då må kommunane sine søknadar vera likelydande. Det er ikkje Sveio med sine to tilleggspunkt, hevdar Indbjo og kollegaene frå Haugesund.
Men, både ordførar Erve (Ap) og politikaren bak tilleggspunkta, Lars Einar Hollund (H), seier det er feil.
— Det viktigaste er at punkt 1 (forlenging av Haugalandspakken) er likelydande, seier Erve.
Ordføraren ba om lovlegheitssjekk
Erve ba nemleg administrasjonen sjekka dette då Hollund la fram og røysta gjennom tilleggspunkta under eit formannskapsmøte tidleg i februar.
— Eg retta førespurnad i formannskapet til fylkeskommunen med spørsmål om ein kunne ha annan ordlyd på punkta utanom punkt 1, seier Erve.
Då fekk administrasjonen informasjon som tilsa at det var mogeleg.
Indbjo kjem med eit verbalt stikk til Sveio. Han nemner kva som vart sagt om Sveio sine vedtak i fylkestinget, at tilleggspunkta er eit såkalla «kreativt vedtak».
— Viss Indbjo meiner det er eit kreativt vedtak frå Sveio kommune, så tenkjer eg at det er eit kreativt vedtak å krevja lovlegheitskontroll, svarar Erve.
Forsvarar tilleggspunkta
Korkje Erve eller Hollund er einige i kritikken som kjem frå Haugesund, og Hollund tek tilleggspunkta i forsvar.
— Me har likelydande ordlyd i vedtaket som gjeld forlenging. Det me har gjort er at me ynskjer å vera tydelege på kva desse pengane skal gå til, seier Hollund.
Under handsaminga i både formannskap og kommunestyre var det partipolitisk semje om at Sveio har fått for lite i frå Haugalandspakken.
— Det er frykteleg mange av Sveio sine innbyggarar som må betala bompengar enten på Kvala eller på E 39 mot Tysvær. Bakgrunnen er at me føler at Sveio får for lite, seier Hollund.
Indbjo seier til Vestavind at han deler den kritiske haldninga til Haugalandspakken som Sveio kommunestyre har, og at det er på tide å stansa innkrevjinga.
— Det har vore for store overskridingar i budsjetta. Me har ein kontrakt med innbyggarane, og den må me halda, seier Indbjo
— Trur du at vedtaket vil bli kjent ugyldig?
— Det veit eg ikkje, svarar han.