nyhende

Spesialundervisning:

ARKIVFOTO: Irene Flatnes Haldin

Skulane har ikkje god nok oversikt over om elevar får timane dei har rett på

Sveioskulen har ikkje oversikt over om elevar som skal motta spesialundervisning faktisk får timane dei har lovfesta rett på, slår ein ny rapport fast. Kommunen lovar at dette skal følgjast opp, og sikrast på ein betre måte enn i dag.

Publisert Sist oppdatert

Det er kontroll- og kvalitetsuvalet som i samarbeid med kommunen sin revisor har sett nærmare på system og rutinar innan tilpassa opplæring og spesialundervisning, for å undersøka om det er samsvar med krav i opplæringslova.

I følgje Ole-Ørjan Hov, leiar for kontrollutvalet er mykje som det skal vera, og fungerer godt i Sveioskulen. Administrasjonen får likevel ei liste med 12 punkt som dei skal sjå nærare på.

To funn

– Noko må kallast alvorleg, og som i følgje revisor er faktiske lovbrot. Det må seiast at ein slik forvaltningsrevisjon alltid vil enda opp med ein del ting som bør rettast på, seier Hov.

Ole-Ørjan Hov er leiar for kontroll- og kvalitetsutvalet i Sveio.

Det er to funn i rapporten han vil trekka fram. Den eine er eit tilbakelagt kapittel, for i skuleåret 2020/2021 var Sveio kommune utan PPT-kontakt over lang tid. PPT-kontakt er no på plass, men ordninga viser seg å vera sårbar.

– Me har bede rådmannen om å sjå på organiseringa, slik at me ikkje kjem i den situasjonen igjen, seier Hov.

Manglar oversikt

Eitt anna funn er meir aktuelt, for det hender at elevar ikkje får timane med spesialundervisning dei har krav på. I kor stor grad veit ein ikkje, for poenget er at det ikkje er noko system som fangar dette opp.

Elevane som har rett på spesialundervisning, er dei som ikkje får tilfredsstillande utbytte av den ordinære opplæringa. Elevane kan då jobba etter andre læringsmål, ved at ein lærar eller assistent følgjer opp eleven i klassa, eller at eleven får særskilt tilpassa utstyr. Undervisninga skal vera tilpassa eleven sitt behov. I følgje Sveio kommune, er det 8,1 prosent av elevmassen som får spesialundervisning etter vedtak i 2020.

Av rapporten går det fram at skulane i Sveio ikkje har noko system for å føra oversikt over gjennomførte timar med spesialundervisning og timar som fell bort. Revisjonen har derfor ikkje hatt moglegheit for å kontrollera om elevane har fått timane dei har krav på.

Fagleg tilbakegang

1 av 3 pedagogisk tilsette som har tatt del i ei spørjeundersøking, svarar at det hender at planlagte timar med spesialundervisning fell bort, grunna fråvær hos undervisningspersonale som skal gjennomføra undervisninga. På éin skule kjem det fram at spesialpedagogen ofte blir brukt som vikar. I underkant av halvparten av dei som har svart på undersøkinga, gir tilbakemelding om at timar med spesialundervisning ikkje blir gjennomført som planlagt, sjeldan blir tatt igjen seinare.

Det kjem fram at tilsette ser at nokre elevar som får spesialundervisning har hatt fagleg tilbake-gang og ikkje hatt høve til å øve på måloppnåing knytt til sosial kompetanse og samspel med andre. Vidare viser PPT til at elevar som allereie slit med skulen, har fått større vanskar under pandemien. Revisjonen understrekar viktigheita av at skulane sett i verk målretta tiltak ovanfor elevar i desse gruppene.

Tillit til tiltak

Situasjonen kan ha vore over lang tid, i følgje Hov. Administrasjonen har fått ei liste med forslag til tiltak, der dei mellom anna er bedne om å sikrar at alle elevar får gjennomført den spesialundervisninga dei har vedtak om, og at elevar med vedtak om spesialundervisning får det talet timar dei har rett på.

– Rapporten er ikkje negativ ovanfor tilsette på skulen, det er systematiske manglar som til ein viss grad kan knyttast opp mot ressursar, seier Hov, som ser på det som ei moglegheit for forbetring. Han har tillit til at det blir sett verk tiltak.

– Erfaringa mi er at rådmannen tar slike ting på alvor, seier Hov.

Betre system

Sjølv om dei aktuelle dokumenta er vurderte til å vera eigna for å sikra at elevar i grunnskulen får eit tilpassa skuletilbod, er revisjonen sin konklusjon at kommunen har eit forbetringspotensiale i å sikra betre kompetanse og felles forståing av rutinane og likare praksis ved skulane. Sveio kommune lovar å sjå nærare på dette.

– Skulane våre skal sørga for at alle elevane får eit godt læringsutbyte, og ha eit inkluderande læringsmiljø der elevane får utviklingsmoglegheiter og tilpassa opplæring som føresetnad. Me skal derfor nytta oss av ordninga «Kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis» for å sikra at me har rett kompetanse til ei kvar tid, og at kompetansen er enda tettare på elevane, seier Elisabeth Nygaard, kommunalsjef for skule, barnehage og kultur.

Rådmannen ser at det kan arbeidast enda meir systematisk med evaluering av gjeldande praksis.

– Det vil bli gjort justeringar der det er behov for det slik at ein sikra tiltak og oppfølging gjennom skuleeigar sitt system for internkontroll, seier Nygaard.

Ikkje like enkelt med vikar

Men kva kan vera årsaka til at timar innan spesialundervisning fell vekk? I følgje kommunalsjefen, kan det i nokre tilfelle vera behov for ekstra bemanning, til dømes ved sjukefråver og/eller kurs og kompetanseheving for den tilsette.

Elisabeth Nygaard, kommunalsjef skule, barnehage og kultur i Sveio kommune.

Nygaard fortel at det ikkje alltid er like enkelt å skaffa ein vikar med rett kompetanse eller som kjenner eleven godt nok til å gi spesialundervisninga. Det vil då kunne drøftast om eleven i nokon grad ikkje har fått det dei har rett på, og som det er fatta vedtak om.

– Men om eleven likevel får tilrettelegging etter innhald omtala i hjelp utan ekstra pedagog til stades, vil ein kunne seia at eleven fekk spesialundervisning sjølv om pedagogen var sjuk, som i det ordinære opplæringstilbodet når ein lærar er fråverande, seier kommunalsjefen.

Powered by Labrador CMS