Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
nyhende
Skuffa og overraska
For andre kommuneval på rad lukkast ikkje Venstre med å få ein einaste representant i kommunestyret i Sveio.
– Me har jobba hardt i valkampen og fått gode tilbakemeldingar. Derfor kom valresultatet overraskande, seier ein skuffa førstekandidat Ruth Vihovde Strand til Vestavind.
Trass i nederlaget har ho tru på Venstre sin politikk og ønskjer å stå på vidare.
– På valkvelden, då resultatet kom, spurde me oss sjølve om dette er noko me skal gidda å vera med på fleire gonger. Men eg trur me berre må bretta ermane opp og stå på vidare.
Korleis det skal skje, har ikkje Strand svaret på. Ho trur det er viktig å vera synlege også utanom valkampane, men erkjenner at det vil vera vanskeleg når partiet ikkje er representert i politiske organ.
– Kanskje blir svaret å driva meir aktivt organisasjonsarbeid og arrangera møte med politiske tema, seier ho.