nyhende
Skriv om Sveio i gamle dagar
Odd Bjelland gjev ut bok bygda Sveio på 1950- og 60-talet. — Det er min forteljing slik eg har sett det med mine auge, seier forfattaren.
Det er ein vanleg tysdag morgon hos Haugli Bakeri på Sveio senter. I eit hjørne sit Odd Bjelland omringa av esker fulle av bøker og tomme stolar. Om litt er det stolane som ikkje har plass, og eskene vert lettare.
Bok etter bok går til sveibu etter sveibu, og undervegs vert det mimra om bokens tema, nemleg gamle dagar i Sveio-bygda.
Godt å mimra
Ein av dei første kundane er Bjørg Widvey. Ho og Bjelland mimrar litt om ei svunnen tid, før Bjelland fortel at ho mogelegvis finn noko om faren sin i boka.
Sjølv om ho i dag bur på Karmøy er ho sveibu og kjem eigentleg frå Krossgått, som også var etternamnet hennar før.
— Kvifor kjøpte du boka?
— Det er jo interessant å lese om. Han sa han skreiv om faren min, seier Widvey.
Når ho blar gjennom boka ser ho eit bilete av Vikse bedehus, og det vekker minne.
— Der gjekk eg på framandskule etter grunnskulen, seier Widvey.
Det kjem to andre karar inn, og dei er gamle kjenningar av Bjelland.
Torodd Eilerås og Sigmund Eikemo vaks opp i nærleiken av forfattaren, og dei tre var mykje saman som barn.
— Interessant å sjå, seier Eilerås.
Attsyn med konfirmasjonsbilete
Det kjem inn kjente heile tida. Mange helsar og nokre kjøper bøker.
Bjørg Halleraker Einarsen set seg ned ved sidan av Bjelland og får seg eit eksemplar.
— Du må sjå på side 43, seier Bjelland.
Der finn ho eit bilete frå då ho skulle konfirmerast. Det vert eit fint attsyn.
— Ein gong sveibu alltid sveibu, humrar Halleraker Einarsen.
To karar i nærleiken tar plass rundt bordet med Bjelland. Det er Ole Johan Sveen og Kjell Lae-Pedersen.
— Me tre vaks opp saman, seier Sveen.
Dei synast også det er kjekt med attsyn til gamle dagar. Lae-Pedersen gjev ros til sin gamle kamerat, og gjev eit beskjedent svar om han finn seg sjølv i boka.
— Er du med?
— Han sa så, eg har ikkje sett. Men, det er ikkje det viktigaste. Det er kjekt at nokon gjer sånt, seier Lae-Pedersen.
Særleg flyfoto av det gamle sentrum vekkar minne. Han vaks nemleg opp på ein gard ovanfor der dagens omsorg-senter ligg.
— Med mine auge
Han beskriv enkelt kva boka er og handlar om.
— Eg har skrive om livet slik det var då eg vaks opp, og kva eg har vore med på. Det er min forteljing, slik eg har sett det med mine auge, seier Bjelland.
Bileta er både frå offentlege kjelder og frå private album, og tek for seg korleis livet var i Sveio skulekrins på den tida.
— Eg er amatør, men fortel om det slik eg kjende kvardagen på 1950- og 60-talet, seier han.
Som dømer trekk han fram at korpset vart stifta i 1962, og rundt 1967 vart Sveio fotball med i seriesystemet.
— Då var me med. Og det er to grunnleggjandes ting som me fekk vere med på, seier Bjelland.
Boka har han skrrive sjølv, og fått ein frå trykkeriet til å klargjere den til trykk.
— Korleis er det å reise tilbake i tid?
— Det er enkelt, minna sit der. Eg hugsar masse frå den tida, seier Bjelland.
Når han sjølv får bla i boka viser han korleis den samanliknar bilete frå fortid med notid. På ei side kjem det eit bilete av ei gamal løe som han nemner.
— Den burde kommunen sjå på og så få verna, den er frå 1940-talet, seier han.